Grasrotandelen

No kan du gi di støtte til Osbanens Venner kvar gong du spelar hjå Norsk
Tipping, utan at det går ut over korkje innsats eller premie!

Grasrotandelen er ei ny ordning frå Norsk Tipping, der du som registrert
spelar kan veja ei foreining som du ønskjer å støtta - din Grasrotmottakar.
Me oppmodar deg om å støtta Osbanens Venner!

Tenk deg at du kan spela favorittspela dine - til dømes Lotto, Tipping og
Joker - og samstundes gi noko til den foreininga du sjølv ønskjer å støtta.
Det er no mogeleg frå 1. mars via Grasrotandelen. Ved spel hjå Norsk Tipping
vil 5% av innsatsen gå direkte til foreininga (gjeld ikkje Extra og Flax).
Merk at Grasrotandelen ikkje på nokon måte går ut over innsatsen eller
premien din - du mistar ingenting fordi du er grasrotgjevar.

Me oppmodar deg om å knytta deg til ordninga alt no i dag, og du gjer det
ein av fleire måtar:

Norsk-tipping.no:
Logg deg inn med kort og kortlesar og vèl "Min side", deretter
Grasrotandelen. Her kan du søkja opp den mottakaren du ønskjer å støtta og
enkelt knytta deg til.

Norsk Tipping Mobilspill:
Last ned den siste versjonen av Norsk Tipping Mobilspill - det gjer du under
"Min Side", deretter "Oppdater". Deretter kan du søkja opp den mottakaren du
ønskjer å støtta og knytta deg til direkte frå Norsk Tipping Mobilspill.

SMS:
Send kodeord GRASROTANDELEN + organisasjonsnummer til 2020.
Døme: GRASROTANDELEN 993824712.

Kommisjonær:
Søk opp den mottakaren du ønskjer å støtta på www.grasrotandelen.no - skriv
deretter ut strekkoden og ta han med til kommisjonæren. Alternativt kan
kommisjonæren søkja opp mottakaren for deg på terminalen.

Meir informasjon finst på www.grasrotandelen.no. Her vil du òg kunna følgja
med på kor mykje Grasrotandelane genererer for dei einskilde
Grasrotmottakarane.

Organisasjonsnummeret som Osbanens Venner er registrert med i ordninga:
Osbanens Venner - org.nr 993824712.