Osbane-artiklar for sal

 

"Osbaneposten"

 

Ei flott samling av gamle reportasjar og artiklar om Osbanen frå den tida då banen var i drift. Avisa er på åtte sider i gamalt avisformat.
Pris: 50,-

 

Jubileumsskrift

Video (VHS)

Jubileumsskrift prenta til 100 års-jubileet i juli 1994.
12 sider.
Pris: 20,-


Nesttun-Osbanen 1894-1935.
Ca. 25 minutt speletid. Sett saman av tre gamle filmsnuttar frå 1930-åra (Sjå Osbanen "live"!), mange gamle bilete, forutan nokre bilete frå nyare tid.
Pris: 190,-

 
Aksjebrev

Originale aksjebrev frå Nesttun-Osbanen er trykte opp, med valørar på 100,- og 1.000 kroner. Dei vert selde til den pålydande prisen.
Omtale her.

T-skjorter

Skjortene har Osbane-logoen og teksten "Nesttun-Osbanen" trykt på brystet. 
Skjortene finst i to ulike fargar, raude og grøne (som signalflagga på jernbanen!).
100% bomull.
Storleikar: ******.
Pris: 90,-
(NB! Medlemspris: 75,-)

 
Postkort

Stend stasjon 1997.
Pris: 10,-


Nordgåande tog på Apeltun ca. 1914.
Pris: 5,-


Hamre stasjon ca. 1898. Banevaktar Olaf Frediksen med flagg.
Pris: 5,-


Lokomotivet "Rotten" med grusvogn og rallarar i 1894.
Pris: 5,-


Utsyn over Os stasjon ikring 1898.
Pris: 5,-


Stend stasjon med nordgåande tog ca. 1934.
Pris: 5,-


Nesttun stasjon 1906, med Vossetog (t.v.) og Ostog.
Pris: 5,-
 
 

Artiklane kan kjøpast på Stend stasjon når museet er ope,
eller du kan senda ein e-post.
Oppgi i e-posten kva du vil ha, ditt namn og adresse. Du vil då få melding tilbake om kva totalbeløpet vil verta (med porto). Oppgjer skjer anten ved førehandsbetaling til konto, eller ved oppkrav.

Osbanens Venner, Postboks 87 Fana, 5859 Bergen