Nissen går på toget på Stend!

Søndag 2. desember er det jule-ope på Stend stasjon på gamle Osbanen.
Entusiastane i foreininga Osbanens Venner inviterer folk til å ta eit avbrekk i den elles travle julestria og heller slappa av med litt kultur og lokalhistorie i den ærverdige stasjonsbygningen på Stend.
- Ein tur til Stend denne søndagen kan utmerka godt kombinerast med ein tur innom Fana Husflidslag si årlege og populære julemesse, som held hus i Bjarghallen på Stend, poengterer formann Egil Jakobsen i Osbanens Venner.

-  Nytt høvet til å få stempla julekorta dine med Osbanen sitt eige motivstempel, lyder oppmodinga frå Osbanens Venner. I postekspedisjonen i den vaskekte Osbanevogna frå 1894 vil nemleg nissen sjølv sitja og stempla juleposten. Og kanskje har nissen med noko godt i sekken sin.

Både jernbanevogn og stasjonsbygning vil vera pynta til jul. Det vert servert gløgg og pepparkaker til dei vaksne, og for dei minste har nissen nokre godsaker på lur. Det uniformerte osbanepersonellet serverer og fortél engasjert om Osbanen si historie. 

Stend stasjon har adresse Titlestadvegen 12 og ligg like ved jordbruksskulen. Stasjonen vil vera open frå kl. 11 til 15.