Nissen tek toget frå Stend!

Søndag 14. desember er det jule-ope på Stend stasjon på gamle Osbanen.

Osbanens Venner inviterer folk til å ta eit avbrekk i den elles travle julestria og heller slappa av med litt kultur og lokalhistorie i den ærverdige stasjonsbygningen på Stend.

Julenissen har lova spesielt at han vil ta turen innom Stend stasjon - og han understrekar at det er fordi han tykkjer det er så gøy å få vera konduktør på toget. Kanskje kan han få gi avgangssignal og dela ut billettar òg, i tillegg til sine faste og tradisjonelle gjeremål som å dela ut godbitar frå den store, grå sekken sin?!

Både jernbanevogn og stasjonsbygning vil vera pynta til jul. Det vert servert gløgg og pepparkaker til dei vaksne, og for dei minste har nissen nokre godsaker på lur. Det uniformerte osbanepersonellet serverer og fortél engasjert om Osbanen si historie. Toget vil køyra fram og tilbake på stasjonsområdet, og såleis skapa litt liv og røre.

Stend stasjon har adresse Titlestadvegen 12 og ligg like ved jordbruksskulen. Stasjonen vil vera open frå kl. 11 til 15.