Veteranbilar på Stend stasjon søndag 25. august
Søndag 25. august vert det veteranbil-dag på Stend stasjon. Medlemer frå Bergen Veteranvogn Klubb (BVK) vil stilla med flotte restaurerte og fullt køyrbare bilar frå bestefar sine dagar. Stasjonen vil vera open frå kl. 11 til 15. Under eit foto frå veteranbildagen på Stend i 2010. 

Heile 646.000,- kroner til Osbane-vogna
Rett før jul melde Vestenfjelske Bykreditts Stiftelse at dei har løyvd 200.000,- kroner til dokumentasjonsprosjektet for Osbane-vogna som står på Stend. I slutten av september kom det brev frå Grieg Foundation med melding om at dei ville gi 50.000,- kroner til prosjektet. I tillegg har Bergen kommune Byantikvaren, Os kommune og Norsk Jernbanemuseum nyleg kome med nye tildelingar utover dei tildelingane dei gav for eit år sidan. Les meir om tildelingane og om prosjektet her

Video frå Stend stasjon - sjå toget køyra!
Jenny V. Haugland filma Osbanen i aksjon søndag 28. august 2011. 


Les her for meir informasjon.

Osbanens Venner, Postboks 87 Fana, 5859 Bergen
obv@osbanen.no