Lokomotiva

 

Rotten
I januar 1893 vart det til Osbanen tinga to stk Mallet-lokomotiv (Type 8 i Decauville-katalogen) frå den belgiske fabrikken La Metallurgique - Ateliers de Tubize. Samstundes vart det tinga eit mindre lomotiv frå den franske Decauville-fabrikken (Type 6 i Decauville-katalogen). Anleggsstyret for Osbanen vedtok at dei tre lokomotiva skulle ha namna Bjørnen, Ulven og Stend, alle tre etter stader i Os og Fana. Dampskipsselskapet hadde frå før to båtar med namna Bjørnen og Ulven.

Katalogteikning av Decauville lok type 6

Det første lokomotivet som kom til Os, var det vesle lokomotivet frå Decauville. Maskina vart levert i byrjinga av juli 1893. Dette var eit firekopla tvillinglok med ein radierande løpeaksel. Loket kunne trekkja 42 tonn, mot 53 tonn for Mallet-lokomotiva. Det vart straks teke i bruk til gruskøyring under anlegget. Av ein ukjend grunn var lokomotivet levert utan namneskilt. Det påtenkte namnet Stend vart etter kvart gløymt. I staden kom loket til å gå under namnet Rotten. Det er dette namnet som oftast førekjem i banen sine eigne papir, sjølv om Stend òg dukkar opp ein og annan stad.

Etter banen kom i drift stod Rotten for det meste i ro. Visstnok vart maskina påført stor slitasje under anlegget. Seinare er det omtala som reservelokomotiv. Det gjekk gjennom ein større revisjon i 1897. I 1899 finn me maskina nemnd i verkstadprotokollen for siste gong. Ho var nok ikkje i bruk seinare. I 1906 vart Rotten selt til Thamshavnbanen i Sør-Trøndelag. Også på Thamshavnbanen vart loket nytta som anleggslok. Det trakk dessutan det første kistoget på banen i 1907, men vart seinare helst nytta som skiftelok. Thamshavnbanen freista å kvitta seg med maskina i 1917 og 1918, men kva som vidare hende veit me ikkje.


Bjørnen, Ulven og Os
Dei to Mallet-lokomotiva frå den belgiske fabrikken Ateliers de Tubize kom til Osbanen i oktober 1893. "Ulven" vart alt same haust sett inn i gruskøyringa på grunn av at anleggsarbeidet var kome noko på etterskot.

Erfaringane med maskinene av denne typen var gjennomgåande gode. I 1894 råda det framleis stor optimisme og von om at Osbanen hadde ei stor framtid. Hausten 1894 tinga banen difor eit nytt Mallet-lokomotiv av same type som Bjørnen og Ulven. Dette vart levert våren 1895 og fekk namnet Os.

"Ulven" fotografert vinteren 1894. "Ulven" og "Bjørnen" var leverte med opne førerhus, men desse vart bygde inn i 1894. Foto: N. N. Sontum.

Mallet-lokomotiv (utt. malè) er eit ledda, firesylindra compoundlokomotiv. Mallet-lokomotivet hadde to maskineri. Kvart av maskineria hadde to sylindrar som dreiv to drivakslar. Frå kjelden gjekk dampen først til to høgtrykkssylindrar i det bakre maskineriet. Dampen verka deretter i to lågtrykkssylindrar i maskineriet framme, før han slapp ut gjennom skorsteinen. Det bakre maskineriet var ein del av den faste ramma på lokomotivet. Førarhus, kjel og vasstankar var festa i denne ramma. Kjel og vasstankar kvilte på ei glideflate på den framre ramma. Denne var i bakkant hengsla til den faste ramma. Såleis fungerte det framre maskinereiet som ein stor svingbar boggi, som kunne gjera utslag til sida og følgja kurvene i sporet. Denne sindige konstruksjonen var spesialkonstruert for små og lettbygde banar med spinkle skjener og krappe kurver. Lokomotiva var difor godt egna til Osbanen. Andre fordelar med desse lokomotiva var at dei hadde heile vekta som adhesjonsvekt, i tillegg til at vekta var likt fordelt på alle fire akslane. Dei var dessutan nøysame i kolforbruket. Naturleg nok var det difor dei tre Mallet-lokomotiva som kom til å trekkja dei aller fleste toga på Osbanen, så lenge banen var i drift. Bjørnen, Ulven og Os er dei einaste Mallet-lokomtiva me har hatt i Noreg.


Baldwin

Under første verdskrigen var trafikken på Osbanen så stor at direksjonen fann det absolutt naudsynt å kjøpa eit nytt lokomotiv. Krigen med m.a. manglande materialleveransar gjorde at europeiske fabrikkar ikkje kunne levera lokomotiv, og Osbanen måtte difor, til liks med Statsbanane, gå over dammen etter nytt materiell. The Baldwin Locomotive Works i Philadelphia i USA var urørt av krigen. Dei tok i november 1916 på seg å levera heile 17 lok til NSB, og eit mindre lok til Osbanen. I juli 1917 kom det nye loket til Os. Loket skulle hatt namnet Stend, men fabrikken hadde fått melding om dette for seint. På Osbanen vart maskina aldri kalla anna enn "Baldwin", etter fabrikanten.

Osbanen hadde bede om eit lok som skulle trekka dobbelt så mange vogner som Mallet-lokomotiva. Betre trekkevne medførde meir vekt. Osbanen fekk eit lok med ei tenestevekt på heile 20 tonn. Dette var i tyngste laget for den spinkle skjenegangen på Osbanen. Dessutan hadde loket stiv ramme, og braut følgjeleg hardt på skjenene i dei krappe kurvene. Og som om ikkje dette var nok, var maskina for stor til å kunna snuast på svingskiva på Nesttun. Baldwin måtte difor alltid køyra med snuten mot Nesttun og bakka turen attende til Os...! På toppen av det heile var amerikanaren grådig i kolforbruket.

 Fabrikkfoto av "Baldwin"

Alle problema gjorde at Osbanen valde å bruka Baldwin minst mogeleg. Forsøk på å selja maskina var nyttelause. Osbanen måtte behalda Baldwin, men sparde han til trafikk på store utfartsdagar. Baldwin var siste gong i trafikk i 1932. Maskina vart saman med dei tre Mallet-lokomotiva selde til skraphandlar Titlestad i 1936 og hogd opp.

Namn Fabrikat Byggeår Byggenr. Aksel-
rekkjef.
Teneste-
vekt
"Rotten" Decauville, Petit-Bourg, Frankrike 1893 178 B1' 9,4 t
"Bjørnen", "Ulven", "Os" Ateliers de Tubize, Belgia 1893, 1893 og 1895 891,
892 og
952
B'B 11,53 t
"Baldwin" Baldwin Locomotive Works, Philadelphia 1917 45287 D 20,0 t