Heile 646.000,- kroner til dokumentasjon
av Osbane-vogna

I slutten av september kom det brev frå Grieg Foundation med melding om at dei ville gi 50.000,- kroner til prosjektet. Rett før jul melde Vestenfjelske Bykreditts Stiftelse at dei har løyvd 200.000,- kroner. I tillegg har Bergen kommune Byantikvaren, Os kommune og Norsk Jernbanemuseum nyleg kome med nye tildelingar utover dei tildelingane dei gav for eit år sidan.

Som tidlegare omtala har Osbanens Venner starta eit nytt stort prosjekt som går ut på å utarbeida dokumentasjon og teikningssett for den unike jernbanevogna som står på Stend. I seinare tid har det kome ytterlegare store bidrag. Dokumentasjon er viktig for å sikra at vogna vert restaurert til ei historisk korrekt utføring. Teikningar av vogna manglar, og det må difor utarbeidast nye teikningssett basert på eksisterande vogndelar både på Stend og andre stader, forutan gamle foto, ordrar og spesifikasjonar.

Tildelingane er svært gledelege. Dei syner for det første at Osbanens Venner har stor tillit og at bidragsytarane trur på at prosjektet vil la seg gjennomføra. For det andre får me stadfesta at prosjektet har sin rett, at me går fram på rette måten.

Per i dag er om lag halve prosjektkostnaden finansiert. I praksis inneber det at Osbanens Venner kan gå i gang med arbeidet.

I næraste framtid til prosjektgruppa ha sitt aller første møte, for å gå gjennom tilgjengeleg dokumentasjon, dei mottekne tilboda på arbeidet, og førebu arbeidet med å inngå kontraktar med tilbydarane.

Osbanens Venner vil la Hardanger Fartøyvernsenter starta arbeidet med å ta mål av og teikna vognkassen, samstundes med at Stål-Consult går i gang med å utarbeida teikningar av ramma. Det er viktig at det her skjer eit parallelt løp, og at arbeidet vert koordinert på ein god måte.  

Bidragsytar

Meddelt i brev dato

Beløp

Os kommune

24.10.2011

kr 5 000,00

Bergen kommune Byantikvaren

14.11.2011

kr 41 000,00

Hordaland Fylkeskommune

02.12.2011

kr 20 000,00

Norsk Jernbanemuseum

21.12.2011

kr 50 000,00

Norsk Kulturråd

27.03.2012

kr 200 000,00

Grieg Foundation

27.09.2012

kr 50 000,00

Bergen kommune Byantikvaren

17.12.2012

kr 25 000,00

Vestenfjelske Bykreditts Stiftelse

18.12.2012

kr 200 000,00

Os kommune

28.12.2012

kr 5 000,00

Norsk Jernbanemuseum

07.01.2013

kr 50 000,00

Sum

 

kr 646 000,00

Les meir om vogna her og om prosjektet her.

Sidan desember 2011 har den unike jernbanevogna
vore sikra i den nybygde vognhallen på Stend. 

 

Publisert 15.01.2013.