Norsk Kulturråd løyver 200.000,-
til dokumentasjon av passasjervogn

 

Denne veka vart det kjent at Norsk Kulturråd har vedteke å gi 200.000,- kroner til prosjekt dokumentasjon av vogn CDFo I. Vedtaket inneber løyving av 100.000,- kroner til prosjektet i år og tilsagn om ytterlegare 100.000,- kroner i 2013.

Som tidlegare omtala har Osbanens Venner starta eit nytt stort prosjekt som går ut på å utarbeida dokumentasjon for den unike jernbanevogna som står på Stend.

Osbanens Venner sende søknad til Norsk Kulturråd i november i fjor. Søknaden vart så handsama 6. mars i år i Norsk Kulturråd sitt faglege utval for kulturvern. Det er verd å merka seg at Osbanens Venner i denne omgangen er den einaste mottakaren som har fått tildelt midlar i kategorien ”Tekniske og industrielle kulturminne”.  Interesserte kan sjå lista over tildelingar på Norsk Kulturråd sine heimesider: www.kulturrad.no/tildelinger/kulturvern/prosjektstotte/2012/

Dokumentasjon er viktig for å sikra at vogna vert restaurert til ei historisk korrekt utføring. Teikningar av vogna manglar, og det må difor utarbeidast nye teikningssett basert på eksisterande vogndelar både på Stend og andre stader, forutan gamle foto, ordrar og spesifikasjonar. Korrekt og tilstrekkeleg dokumentasjon må liggja føre før eit nytt prosjekt, restaurering av vogna, kan påbyrjast.

Tildelinga frå Norsk Kulturråd er svært inspirerande. Ikkje berre er det den største einskildløyvinga Osbanens Venner har fått til no, men med vedtaket i Norsk Kulturråd har Osbanens Venner fått tildelt midlar til vognprosjektet frå samtlege av dei offentlege instansane som me har søkt midlar frå. Det er heilt klårt eit kvalitetsstempel når alle faginstansane gir si støtte til prosjektet.

Lista over bidragsytarar ser i skrivande stund ut slik:

Os kommune 5.000,-
Bergen kommune Byantikvaren 41.000,-
Hordaland Fylkeskommune 20.000,-
Norsk Jernbanemuseum 50.000,-
Norsk Kulturråd 200.000,-
Sum 316.000,-

Les meir om vogna her og om prosjektet her.

 

Sidan desember 2011 har den unike jernbanevogna
vore sikra i den nybygde vognhallen på Stend. 

 

 

Publisert 01.04.2012.