Lokomotiv til Stend!

Osbanens Venner har slutta avtale med Os kommune om langtidslån av diesellokomotivet ”Os”, som sidan juni 1995 har stått parkert i vognhallen på Osøyro.

Lokomotivet er av det norske fabrikatet Levahn, og vart levert i 1967 til Fana kommune. Loket har Levahn sitt byggjenr. 389. Loket vart oppussa og ombygt i 1994, før Bergen kommune overrekte det som gåve til Os kommune. Loket er pent å sjå til, har sporvidde 750 mm og har adoptert namn frå eitt av lokomotiva på Osbanen; ”Os”. Men der stoppar likskapane med Osbanen. Når Osbanevenene likevel vil ha lokomotivet på Stend, er det fordi det kan tena som ein spennande kulisse, vera med og skapa liv på stasjonen, og gjera miljøet meir levande og interessant. Foreininga vil vera påpasselege med å poengtera at loket ikkje har noko historisk samband med Osbanen. Det eit jernbanemuseum treng, er utan tvil eit lokomotiv, og eit diesellokomotiv er betre enn ingenting.

I januar 2006 pågår ein mindre overhaling av mellom anna motoren, som har stått i ro i elleve år. Nokre ruter i førarhuset må skiftast. Fleire ruter sprakk då vognhallen på Osøyro brann i 1999. Og så trengst det ein del måling. Motoren vert overhala på Osøyro, resten av arbeidet vert utført etter at loket har kome til Stend.

SISTE: Motoren startar fint etter å ha fått nye glødepluggar 30. mai 2006. Loket skal flyttast til Stend stasjon laurdag 17. juni kl. 07.00 (tidleg morgon!).