Etterlysning!

Kjenner du ein av karane på biletet nedanfor?

Dette biletet dukka nyleg opp i eit gamalt album frå Os. Biletet er teke av fotograf Gerhard Berg på Osøyro, i hans eige atelièr og etter alt å døma rundt år 1900. Så er spørsmålet: Kven er dei to kjekke jernbanefunksjonærane? Initialane "NOB" kan lesast på jakkeslaget til funksjonæren til venstre, så det er ikkje tvil om at dette er funksjonærar frå Nesttun-Osbanen. Men kven? Dei opphavelege eigarane av albumet som biletet vart funne i, var ikkje i slekt med nokon av dei tilsette ved Osbanen.

Dersom du meiner å ha opplysningar om biletet, ver venleg å senda ein e-post til Per Ivar Tautra.