Skilt-aksjonen langs Osbanen

 

I samband med at jernbanen i Noreg i 2004 kunne markera 150 års-jubileum, valde Osbanens Venner å markera dette på sin eigen måte: Tolv skilt med historisk informasjon vart sette opp ved dei tidlegare haldeplassane og stasjonane langs Osbanen i Fana. Bergen kommune ytte i 2003 eit økonomisk tilskott til prosjektet.

Ingen av dei tolv skilta er like. Kvart skilt har tekst og bilete som fortel om historikken til den konkrete stoppestaden som det er sett opp ved.

Oppsetjing av skilt ved Fana stasjon, 16. oktober 2004Skilta vart fysisk sette ut i terrenget i oktober i år, og på kulturdagen søndag 24. oktober vart skilta offisielt innvigde. Osbanens Venner hadde på førehand invitert skulane i nærmiljøet til å ta del, mellom anna for å gi dei oppveksande generasjonane eit forhold til Osbanen. Klokka 13 vart difor skiltet på Nesttun stasjon høgtidleg avduka av ein elev frå Midttun skule. Klokka 14 var det tilsvarande tilstelning med avduking på Stend stasjon, då med ein elev frå Kirkevoll skule som føretok den viktige handlinga.

Dei tolv skilta er sette opp på Nesttun, Skjold, Apeltun, Rådal, Stend, Solbakken, Fana, Hamre, Selsvik Kismul, Mjelkevik og Kalandseid. Så er det sjølvsagt å vona at skilta får stå i fred for vandalar. Ser du eit skilt som manglar eller som har vorte utsett for hærverk, nøl ikkje med å ta kontakt med Osbanens Venner.

Frå seremonien på Stend stasjon 24. oktober. Oddvar Skre (t.h.) fortel om Osbanen.