Postkort med førstedagsstempel

I samband med jernbanen sitt 150 års-jubileum i Noreg vart det i vår gjeve ut fleire nye frimerke med jernbanemotiv. Osbanens Venner kan no tilby for sal postkort med førstedagsstempel.

Postkorta har dei nye frimerka påklistra på framsida av korta saman med poststempel " BERGEN REISENDE  18 VI 04 "

Korta vert selde for kr. 15,- pr. stk, uavhengig av valøren på frimerka. Dei som ønskjer det, kan få Osbanen sitt eige motivstempel på frimerket.

Vil du senda eit slikt kort til nokon, må du kosta ekstra frimerke og plassera dette på vanleg plass på tekstsida av kortet. Dette kjem utanom dei 15,-.

Me har alle dei nye frimerka representerte og på kort med ulike motiv, men ver merksam på at talet er avgrensa. Samlarar, ikkje nøl!

 

 

 

 

 

 

 

Kontakt:
Osbanens Venner, Postboks 87 Fana, 5859 Bergen
osbanen@museumsnett.no