Nyhende-arkiv

Norsk Kulturråd løyver 200.000,- til dokumentasjon av vogn  (30.03.2012)
I mars vedtok Norsk Kulturråd å løyva 200.000,- kroner til dokumentasjon av Osbanen si første vogn frå 1894. Osbanens Venner har starta eit prosjekt som går ut på å utarbeida fullstendige byggjeteikningar og spesifikasjonar av dei engelske passasjervognene som vart leverte til Osbanen i 1894. Vogna som står på Stend, er sett saman av to halve vognkassar frå desse vognene. Les meir om tildelinga her.  

Sporet er lagt mellom vognhallen og stasjonen  (24.03.2012)

Laurdag 24. mars vart sporet mellom vognhallen og stasjonen ferdig lagt, mellom anna med ei fin kurve. Sporet vart prøvekøyrt same dagen.  

Les meir om og sjå foto frå hendinga i bloggen om vognhall-prosjektet her

 

Restaurerte vindauge i stasjonsbygningen  (20.10.2011)

Etter å ha vore utan vindauge sidan tidleg i april, har no vestveggen på stasjonsbygningen i oktober 2011 fått attende vindauga sine. Vindauga er nydeleg restaurerte av Trond Oalann ved Bygningsverntenesta i Hordaland fylkeskommune. Les meir her

 

Nye vindauge i stasjonsbygningen  (04.04.2011)
Vindauga i Stend stasjon har lenge lidd under sterkt forfall. No vert dei tekne ut for restaurering. Det er byggeigar Hordaland Fylkeskommune som kostar arbeidet, og bygningsverntenesta i fylkeskommunen er ansvarleg utførande. Arbeidet starta 4. april 2011. Les meir her

Kranselag for vognhallen  (02.02.2011)
Onsdag 2. februar 2011 arrangerte Osbanens Venner kranselag for den nye vognhallen som no reiser seg på Stend. Etter gamal skikk skal byggherren halda kranselag når siste sperret er kome på plass, for å syna at han er nøgd med det arbeidet som byggmeisteren har utført.
Les meir om vognhallen og kranselaget her.  

Jul på Osbanen - og godt nytt år!  (13.12.2010)
Søndag 12. desember 2010 var det god julestemning på Stend stasjon. Osing og poet Jimmy Øvredal, kjent som Villmarkens sønn, underheldt med trekkspel i venterommet. Sjølvaste julenissen  var med i toget og delte ut godsaker til dei minste passasjerane. I tillegg var kunstnarverkstaden i 2. etasje i stasjonsbygningen open. Tilstrøyminga av publikum var overveldande, og stasjonen yra av godt nøgde passasjerar, både store og små. Nokre foto frå arrangementet er lagt ut på Foto-sida

Veteranbilar møtte toget på Stend  (16.08.2010)
Søndag 15. august hadde museet vitjing av tre veteranbilar frå Osbanen si samtid; ein T-Ford frå 1925, ein Chevrolet 1929 og ein Chevrolet 1933-modell. Bilane tilhøyrer medlemer av Bergen Veteranvognklubb (BVK).
Fleire foto frå dagen er lagde ut på Foto-sida

Julenissen tek toget frå Stend!  (04.12.2008)
Søndag 14. desember inviterer Osbanens Venner til juleopen stasjon. Nissen reiser med toget, og han har med ein sekk med godsaker. Ta ein kvil i julestria og opplev litt kultur og historie. Les meir om arrangementet her.
Sesongstart med tuut-tuut!  (20.05.2008)
Søndag 1. juni 2008 kan du for første gong på mange tiår høyra lyden av fløyta til lokomotivet "Bjørnen". Lyden er ekte vare - fløyta frå det for lengst opphogde loket har kome til museet på Stend stasjon. Les meir her.
Kulturdagane i Fana - open stasjon søndag 19. oktober  (01.10.2008)
Osbane-sesongen er over for i år, men søndag 19. oktober vil stasjonen haldast open i samband med Kulturdagane i Fana. Då vert det på nytt høve til å reisa tilbake i tida, med omvisning og framsyning av film. 
Meir om Kulturdagane i Fana kan du lesa på Bergen kommune sine sider her.
Søndag 7. september 2008:   (01.09.2008)
Samferdsledag

For tredje året på rad inviterer Osbanens Venner i samarbeid med Historieverkstaden ved Bymuseet i Bergen og kystkulturmønstringa Kystsogevekene til Samferdsledag. Det vert då høve til å reisa frå Bergen til Stend stasjon og Hordamuseet på historisk vis - med veteranbussar og fjordabåt. Stend stasjon vil vera betjent frå klokka 10 til 16. Les meir om arrangementet her
Nissen går på toget på Stend stasjon  (25.11.2007) 
Søndag 2. desember kjem sjølvaste nissen til Stend stasjon. Han har med ein sekk med godsaker, og vil i tillegg sitja i vogna og stempla julepost. Ta ein kvil i julestria og opplev litt kultur og historie. Les meir om arrangementet her.
Osbanen på lufta  (31.10.2007)
RadiOs vitja Stend stasjon og tok toget søndag 28. oktober.
Høyr innslag om Osbanemuseet, les reportasjen og sjå foto på www.radios.no
Osbanen lengre - og høgtidleg (igjen)opna!  (21.10.2007)
Laurdag 20. oktober vart det nylagte sporet austover frå stasjonsbygningen teke i bruk, etter høgtidleg opning. Les meir her.
Osbanen vert forlenga  (12.10.2007)
I oktober 2007 byrja arbeidet med å forlenga jernbanesporet på Stend stasjon. Det 40 meter lange sporet skal etter utvidinga vera 100 meter langt. Onsdag 10. oktober vart grunnmuren frå tyskarbrakka aust for stasjonen grave opp og køyrt vekk. Sporlegging har starta. Les meir her.
Søndag 2. september 2007:
"Landliggja" på Stend

For andre året på rad inviterer Osbanens Venner i samarbeid med Historieverkstaden ved Bymuseet i Bergen og kystkulturmønstringa Kystsogevekene til landliggja. Det vert då høve til å reisa frå Bergen til Stend stasjon og Hordamuseet på historisk vis - med veteranbussar og fjordabåt. Stend stasjon vil vera betjent frå klokka 10 til 16. 
Les meir om arrangementet her
Landliggja på Stend laurdag 16. september 2006   
Stort arrangement på Hordamuseet og Stend stasjon - Veteranbussar frå Bergen til Stend stasjon og vidare til Hordamuseet, og veteranbåten M/S Eitrheim frå Bergen til Hordamuseet. Les omtale og program her.
Lokomotiv på Stend stasjon  (30.06.2006)
Laurdag 17. juni klokka 10.30 fekk Stend stasjon endeleg eit lokomotiv! Loket vart høgtidleg plassert på sporet med representantar for lokalpressa til stades. Samla var óg medlemer frå Osbanens Venner, entusiastar og ein del tilfeldig forbipasserande. Lokomotivet vert presentert her

Kjøp aksjebrev i Nesttun-Osbanen!  (24.10.2005)
No kan du kjøpa opptrykk av originale aksjebrev i Nesttun-Osbanen. Breva vert selde med valørar pålydande 100 og 1000 kroner. Les meir her

Lokomotiv til Stend stasjon!  (30.01.2006)
Osbanens Venner har slutta avtale med Os kommune om langtidslån av diesellokomotivet ”Os”, som sidan juni 1995 har stått parkert i vognhallen på Osøyro. 

Lokomotivet vil koma til Stend vinteren 2006, og skal tena som ein spennande kulisse, skapa litt liv og røre på stasjonen. Les meir her.

Osbanen er skilta  (25.10.2004)
Som sitt bidrag til å markera 150års-jubileet for jernbanen i Noreg, har Osbanens Venner sett opp tolv informasjonsskilt langs den gamle osbanetraseen i Fana. Skilta vart høgtidleg innvigde på kulturdagen 24. oktober 2004. Les meir her.


Osbane-kort med førstedagsstempel 
(01.08.2004)
I samband med jernbanen sitt 150 års-jubileum i Noreg vart det i vår gjeve ut fleire nye frimerke med jernbanemotiv. Osbanens Venner kan no tilby for sal postkort med førstedagsstempel. Les meir her

Kjenner du desse karane?  (01.03.2001)
Dette biletet dukka nyleg opp. Kven er dei to kjekke jernbanefunksjonærane? Initialane "NOB" kan lesast på jakkeslaget til funksjonæren til venstre, så det er ikkje tvil om at dette er funksjonærar frå Nesttun-Osbanen. Men kven er dei? Sjå større versjon av biletet her.

August 1999:
Ny gang/sykkelveg forbi Stend stasjon vert høgtideleg opna. Den gamle brakka som tyskarane sette opp midt i traseen under siste verdskrigen er no riven og har gjeve plass til sykkelvegen. Stend stasjon hadde i si tid dobbeltspor. No ligg det skinnegang i traseen nærast stasjonsbygningen. I traseen for det andre sporet går sykkelvegen. Ein manglande kneik av sykkelvegen er ferdig og kulturlandskapet er ført eit hakk nærare Osbane-tida. 

23. august 1999:
Brann i den gamle vognhallen på Os stasjon. Brannen oppstod i ein del av vognhallen som har vore nytta som lokale for ein skateboard-klubb. Skadene var avgrensa til ein del av hallen og var heldigvis ikkje større enn at hallen vert ståande for ettertida.

Oktober 1996:
Norsk Jernbaneklubb gir ut boka “Fremskrittet som åpnet bygdene - Nesttun Osbanen - en attraksjon som ble borte”. 168 sider, skrive av Per Ivar Tautra og rikt illustrert. Førsteopplaget på 1500 eksemplar sel ut i løpet av eitt år. Nytt opplag året etter.

13. juni 1995:
Eit gamalt diesellokomotiv vert løfta på plass på Os stasjon. Maskina er ei gåve frå Bergen kommune til Os kommune. Loket, eit 8-tonns Levahn-lok med sporvidde 750 mm, har byggeår 1967 og vart i si tid levert til Fana kommune. Fana og seinare Bergen kommune nytta maskina til ulike anlegg, sist i ein kloakktunnel i Arna. Loket vert inntil vidare ståande lagra i vognhallen på Os.

Juni/juli 1994:
Pan Trafikk markerer 100 års-jubileet m.a. ved å gi ut boka “En særdeles hyppig Kommunikation”, skrive av Åsmund Lien. Av dei 192 sidene i boka er om lag ein tredjepart vigde Osbane-tida.

1. juli 1994:
Hundre år sidan Nesttun-Osbanen opna. Markering på Stend stasjon ved at det vart opna museum i stasjonsbygningen Ein gamal draum vert oppfylt for foreininga Osbanens Venner.