Osbanens Venner

Osbanens Venner er ei upolitisk og ideell foreining som på idealistisk basis arbeider for å ta vare på det som enno finst av gamle minne frå Osbanen, det vera seg bilete, gjenstandar eller opplysningar.

"Osbana hev på skjemt vorte kalla Osmerri.
Namnet er godt, bruka på rette måten. Den hev kanskje meir enn noko anna drege heile bygdi framover. No når den stillt og umerkande stoggar for alle tider so bør ein mest hugsa det."

(Bergens Tidende 31. august 1935)

Foreininga vart formelt stifta i januar 1976 og har i dag over 80 medlemer. Om lag ti av dei er aktive.

Medlemskontingenten, som for tida er 200 kroner året, er ei viktig inntektskjelde for foreininga. Dei aktive i Osbanens Venner driv på dugnad vedlikehald av stasjonsbygningen, vogn, lokomotiv og stasjonsområdet. Dei er dessutan omvisarar når Stend stasjon er open for besøkjande. To gonger i året får alle medlemene tilsendt informasjonsskrivet "Osmerro", og elektroniske nyhendebrev vert sendt ut på e-post fleire gonger i året. 

Det er ofte medlems- og dugnadskveldar på Stend. Her møtest medlemer til aktiv innsats, eller til uformelt sosialt samvere eller ein drøs. Er du interessert i å møta oss, så send gjerne ein e-post - og du kan få meldingar om når det vil vera folk til stades på stasjonen. 

Styret i Osbanens Venner i 2013:
Leiar: Ingvard Aam, Nesttun  e-post
Sekretær: Roar Nilsen, Lysekloster  e-post
Styremedl.: Per Ivar Tautra, Fana  e-post
Egil Olav Jakobsen, Fana  e-post
Svein Tore Løvåsen, Kristiansand e-post
 

Osbanens Venner
Postboks 87 Fana
5859 Bergen


obv@osbanen.no

org.nr. 993824712
bankkonto 3414.18.00738