Den unike Osbane-vogna

Vogna som står på Stend stasjon, er sett saman av to halve vognkassar, to av dei tre einaste attverande halve kassane av i alt åtte heile personvogner som The Oldbury Railway Carriage Works Ltd. i Birmingham, England, bygde til opninga av Nesttun-Osbanen i 1894.

Osbanen sine første passasjervogner, leverte frå England og med fransk førebilete, danna grunnlaget for at den norske fabrikanten Skabo Jernbanevognfabrik i Kristiania seinare kunne levera vogner med dei same løysingane både til Nesttun-Osbanen, Urskogbanen, Hølandsbanen og Sulitjelmabanen, alle med 750 mm sporvidde. Men dei første vognene til Osbanen var både lettare og simplare utførte, og vart difor Norges aller minste boggipersonvogner. Dei hadde ei rammelengde på 9,1 meter og eigenvekt 5,94 tonn. 

I 1895 leverte norske Skabo Jernbanevognfabrik fire personvogner til Osbanen, i 1907 ei og så to i 1914. Skabo bygde vognene etter dei same hovudmåla som dei engelske vognene, men med visse modifikasjonar på detaljutforminga. Vognene var noko meir forseggjorte og dessutan meir solide og dermed tyngre.

Foto (begge): GS Foto

Vogna på Stend er ei kombinert konduktør/reisegods-, post- og passasjervogn. Oldbury bygde to kombinerte vogner for konduktør/reisegods og passasjerar. Det skulle vera med ei kombinert vogn i kvart tog. Skabo bygde ei tilsvarande vogn i 1895.

Osbanen førde heilt frå opninga i 1894 post. Posten gjekk som konduktørpost, men frå 1. mai 1919 hadde banen eigen postekspedisjon. For at den reisande postpakkmeisteren skulle få eit eige lokale i toget, måtte to av vognene byggjast om. Det var då naturleg å byggja om to av kombinert-vognene. Ei engelsk og ei norsk vogn vart difor bygde om - eit eige rom til postekspedisjonen vart innreidd ved å gjera passasjeravdelinga mindre. I 1929 vart så den engelske postvogna ombygt endå ein gong. Postverket hadde då klaga over at det var for lite plass i postkupeen. Veggen mellom postkupeen og passasjeravdelinga vart difor flytta ytterlegare 40 cm innover i passasjeravdelinga. Den opphavlege postkupeen må ha vore mellom dei minste postkupeane i jernbanevogner i Noreg - med ei golvflate på berre 2,33 m2.

Vogna framstår i dag diverre ikkje slik ho gjorde då Osbanen var i drift. Største delen av vognkassen er frå kombinertvogna, medan den andre delen er frå ei rein passasjervogn. Det er dessutan nytta delar frå fleire vogner, mellom anna frå Skabo-vogner. Osbanens Venner har starta eit prosjekt som går ut på å utarbeida fullstendig dokumentasjon - spesifikasjonar og byggjeteikningar - for både vognkasse og understell, med tanke på framtidig fullrestaurering. Sjå meir om prosjektet her.

Teikningane nedanfor syner vogna sitt eksteriør og innreiing høvesvis opphavleg og etter første og andre ombygging.


Teikning: Sverre Mo