Osbanen høgtidleg opna

Laurdag 20. oktober vart 21 meter av Osbanen "igjenopna". Eller rettare
sagt: 21 meter av det nylagte sporet austover frå stasjonsbygningen vart
høgtidleg teke i bruk. Dei tre første lengdene av det nye sporet var ferdig
spikra tysdagen tidlegare same veka.

Leif Riim, levande interessert i Osbanen sidan siste toget gjekk i 1935 og
seinare mangeårig aktiv i Osbanens Venner, fekk æra av å klippa snora.
Riim fekk takk for sin lange innsats for å ta vare på Osbanen, og særleg
takk for utlånet av sine fem gamle album med foto av Osbanen i drift og for
det arbeidet han gjorde på 1980- og 1990-talet med å berga og restaurera
osbane-vogna som no står på Stend stasjon. Utan Riim hadde det vore korkje museum eller vogn på Stend stasjon i dag, var konklusjonen i den korte talen som Per Ivar Tautra heldt på vegner av Osbanens Venner.

Det er sjeldan det vert opna jernbanar med 750 mm sporvidde her i landet. Så
får det heller vera tilgjeve at sporlengda var kort...  Truleg er det endå
meir sjeldan at opningstoget bakkar over det nye sporet!
Toget vart køyrt fram og tilbake på sporet fleire gonger, til stor glede for
dei frammøtte.

Berre nokre dagar etter opninga vart sporet forlengja med ytterlegare sju meter.


Frå opningsseremonien.
Over: Leif Riim klipper snora.
Under: Ingvard Aam og Leif Riim i vogna under prøveturen etterpå.
Begge foto: Per Gjelsvik.