Osbanen vert forlenga!

Onsdag 10. oktober 2007 vart betong-fundamentet frå tyskarbrakka aust for stasjonen pigga laus og deretter gravd opp og køyrt vekk. Deretter vart tre lastebillass singel tippa i det som skal verta 50 meter ny trasé for jernbanen. Ein lokal entreprenør, Titlestad Maskin, har gjort jobben på dugnad. Fana Stein har gjeve gratis singel til prosjektet, medan Fana Stein & Gjenvinning vederlagsfritt har teke imot den knuste betongen som fyllmasse.

Osbanens Venner har fått hand om steinane frå det gamle brufundamentet som vart rive ved Rådal stasjon tidlegare på året. Steinane er plasserte langsmed Titlestadvegen aust for stasjonen. På den måten hindrar me uønska parkering inntil stasjonsbygningen.
Folk bør forresten leggja spesielt merke til den steinen som no ligg nærmast stasjonsbygningen. Steinen låg tidlegare i botn av brufundamentet, og han har årstalet 1893 innhogge.

Laurdag 13. oktober var eit fire mann sterkt dugnadslag frå Osbanens Venner i fullt arbeid med å leggja spor i den nye traseen. Sviller vart lagt på plass og justerte, og deretter vart skjener laska saman og spikra fast i svillene. Gjengen rakk å leggja to par lengder á 7 meter, men førebels manglar det nokre spiker i den siste lengda før me kan seia at 14 meter bane er ferdig bygt...
Arbeidet gjekk veldig lett takka vera at Titlestad Maskin hadde jamna grusen utover i traseen i om lag passande nivå.

Over helga skal det gravast ut ti meter trasé vest for noverande vestre ende
av sporet. Banen vert, når han er forlengja i begge endane, totalt 100 meter lang. Og det er så langt som me kan koma utan større omreguleringar... Sporet skal vera ferdig forlenga før året er omme.

Osbanens Venner takkar bidragsytarane for eineståande hjelp!