Stasjonar og stoppestader

 

Osøren
Avstand frå Nesttun: 26,3 km
Høgd over havet: 3,0 m
Osøren var hovudstasjon på Osbanen.
Bygningar i 1894:

- Stasjonsbygning med venterom, ekspedisjon og kontor, forutan husvære for to av funksjonærane med familiar.
- Lokomotivstall med plass til to lokomotiv.
- 40 meter lang vognhall med 2 spor gjennom og plass til åtte personvogner.
- Godshus
- 2 klosett og pissoarar
- Svingskive, kolbinge og vannstender

Seinare vart både vognhall og lokomotivstall bygde på. I 1907 vart eigen vognverkstad bygd. Banen hadde eiga dampskipsbrygge. Her vart kol til lokomotiva levert.

Kuven
Avstand frå Osøren: 1,0 km
Høgd over havet: 22,5 m
Ekspedisjon opphøyrde 1.1.1903.
Billettbod bygd 1894, seinare erstatta av venteskur.

Ulven
Avstand frå Osøren: 3,0 km
Høgd over havet: 43,0 m
Ekspedisjon opphøyrde 1.12.1934.
Voktarbolig med venterom, ekspedisjon og husvære for banevaktar med familie. I tillegg vedbu og pissoar, og etter kvart godshus. Stasjonsbygningen står enno. Kryssingsspor bygt 1898.

Søfteland
Avstand frå Osøren: 8,0 km
Høgd over havet: 56,0 m
Ekspedisjon. Billettbod bygd 1894, godshus 1897. Stasjonsbygning med venterom, ekspedisjon og godshus bygd 1910. Kryssingsspor frå 1895.

Kalandseid
Avstand frå Osøren: 11,2 km
Høgd over havet: 75,5 m  (høgste punkt på Osbanen)
Ekspedisjon. Voktarbolig av same typen som på Ulven, bygd 1894. I tillegg var det til opninga oppført både pissoar og vedbu. Stasjonsbygningen vart i 1908 flytta til Fana stasjon. Nytt ekspedisjonshus bygt på Kalandseid 1908. Buttspor.

Kismul
Avstand frå Osøren: 13,6 km
Høgd over havet: 64,0 m
Ubetjent stoppestad. Hadde kort plattform, men ingen bygningar.

Hamre
Avstand frå Osøren: 16,4 km
Høgd over havet: 54,0 m
Ekspedisjon opphøyrde 1.1.1903.
Billettbod frå 1894. Erstatta av venteskur i 1912. Buttspor bygd 1898 for togkryssing. Vasstårn frå 1894, rive ikring århundreskiftet.

Fana
Avstand frå Osøren: 17,7 km
Høgd over havet: 53,0 m
Billettbod frå 1894.
Ekspedisjon frå november 1908. Stasjonsbygningen på Kalandseid vart flytta til Fana stasjon i 1908. I tillegg vart det oppført pissoar. Godshus kom på plass i 1920.
Svingskive og kryssingsspor 1926.

Solbakken
Avstand frå Osøren: 18,8 km
Høgd over havet: 53,0 m
Oppretta 1927. Ubetjent stoppestad. Venteskur.

Stend
Avstand frå Osøren: 19,7 km
Høgd over havet: 60,0 m
Voktarbolig av same type som på Ulven bygd 1894, i tillegg vedbu og pissoar. Kryssingsspor 1894. Vassbasseng og stender for vassfylling på lokomotiva anlagt 1897. Godshus 1909. Postopneri i stasjonsbygningen frå 1894. På oppsida av sporet vart det av stasjonsekspeditøren for privat rekning oppført eit bryggjerhus, som sidan vart overteke av Osbanen. 

Rådal
Avstand frå Osøren: 22,0 km
Høgd over havet: 42,0 m
Ekspedisjon opphøyrde 1.6.1931.
Voktarbolig av same type som på Ulven bygd 1894, i tillegg vedbu og pissoar. Godshus frå 1923. Brevhus i stasjonsbygningen 1906-1921. Postopneri frå 1924.

Skjold
Avstand frå Osøren: 24,8 km
Høgd over havet: 52,0 m
Ubetjent stoppestad. Billettbod bygd 1894, i 1908 erstatta av venteskur.

Nesttun
Avstand frå Osøren: 26,3 km
Avstand frå Bergen: 9,76 km
Høgd over havet: 31,4 m
Osbanen hadde ikkje eigne bygningar på Nesttun, men leigde ekspedisjon og venterom av Statsbanane. Osbanen hadde heller ikkje fast tilsette ved Nesttun stasjon. Sporarrangementet for Osbanen bestod av kryssingsspor, svingskive og eit buttspor, det såkalla omlastingssporet. Dette sporet gjekk parallelt med eitt av NSB sine spor. Smalspora og normalspora godsvogner stor her side og side når gods vart lasta om.