Tuut - tuut !!

Nyleg har Osbanens Venner fått i deponi eit unikt klenodium:
Fløyta frå salig damplokomotivet "Bjørnen".

Fløyta heng no til pynt i venterommet på Stend stasjon, og er kopla til ein kompressor som står i det tidlegare kontor-/ekspedisjonsloket bak veggen. Osbanens Venner lovar lyden av ekte lokomotivfløyte på opningsdagane framover! Og søndag 1. juni er altså første dagen då fløyta vert presentert for publikum.

Kort om bakgrunnen: Sildafabrikken Bergen Packing Co på Osøyro kjøpte kjelen frå "Bjørnen" etter at Osbanen var nedlagt. Fløyta følgde med på kjøpet, og ho gjorde i mange år nytte med å gi varselsignal om arbeidsstart, pausar osb. på fabrikken. Då kjelen vart dumpa, for rundt 50 år sidan, fekk Lars Strønen overta fløyta til det private museet han hadde heime på Nord-Strøno i Os. ...

Lars Strønen er død, og sonen Arne Strønen har velvillig deponert fløyta til museet på Stend. Ikkje noko anna enn fantastisk er det at fløyta kjem for dagen att og får gi lyd frå seg på Stend stasjon heile 73 år etter at banen vart nedlagt.

Osbanemuseet har også fleire "nye" gjenstandar å syna fram for publikum i 2008: Frå Hilmar Flaterås i Os har museet fått låna ein smøreventil. Også ventilen stammar frå lokomotivet "Bjørnen". Fabrikknummeret er inngravert i ventilen. Og frå Os kommune har museet fått deponert røyrvalser frå lokomotivet "Baldwin". Valsene tilhøyrde i si tid det for lengst avvikla Os Museumslag, og har i mange år lege vekkgøymde på eit lager.

Osbanens Venner er svært nøgde for alt av gamle ting som ikkje har gått fløyten.

Foto denne sida: Arne Strønen med fløyta.