Nye vindauge i stasjonsbygningen

Måndag 4. april starta arbeidet med å skifta vindauge på vestveggen på Stend stasjon. Det er byggeigar Hordaland Fylkeskommune som har rekvirert og kostar arbeidet.

I desember fekk Osbanens Venner melding om at Eigedomsseksjonen i Hordaland
Fylkeskommune, som eigar av stasjonsbygningen på Stend, ville kosta utarbeidinga av ein tilstandsrapport for bygningen. Gjennomgang vart så føreteke 8. mars i år. Konklusjonen er at stasjonsbygningen generelt er i rimeleg god stand, men med nokre unnatak. Av unnataka vart særleg peika på vindauga. Fleire av dei har kort restlevetid, dei er ”i såpass dårleg stand at det snart er malinga som held dei på plass”, som det heiter i rapporten. I rapporten vert det konkludert med at i alle høve seks vindauge må gjerast noko med.

Allereie 25. mars sende så Eigedomsseksjonen gladmelding til Osbanens Venner: Dei hadde vedteke å starta arbeidet med dei fire vindauga på vestveggen, og arbeidet ville starta no i vår. Eigedomsseksjonen som eigar av bygningen ber kostnadene, og ansvarleg utførande vert Trond Oalann ved bygningsverntenesta i Hordaland Fylkeskommune.

Måndag 4. april var bygningsverntenesta på plass på Stend, gjorde seg
kjent med bygningen innvendig og utvendig, og sette opp stillas. Deretter starta arbeidet med å ta ut vindauga. Desse vert tekne til full restaurering.

Osbanens Venner må tåla å ha treplater i dei fire vinaugeopningane på vestveggen ei tid frametter, kan henda til ut i juni, men det skal me godta: Det vert verre ein periode medan me ventar på at resultatet skal verta så mykje betre. Osbanens Venner er svært nøgde med at eit lenge påkravd arbeid no vert gjennomført og ikkje minst med at det vert fagmessig gjort. Faglege prinsipp for bygningsvern vil liggja til grunn for det arbeidet som bygningsverntenesta utfører.Vindauga vil etter innsatsen koma til å framstå i original utføring.