Restaurerte vindauge

Den 13. oktober byrja vindaugo på vestveggen av stasjonsbygningen å koma tilbake på plass. Etter at vindaugo vart tekne ut for restaurering tidleg i april, har stasjonsbygningen vore sterkt prega av sponplatene som vart spikra utanfor opningane. Vestveggen er for mange det første møtet med Stend stasjon. Gledeleg er det difor at alle vindaugo no er på plass att.

Trond Oalann ved bygningsverntenesta i Hordaland fylkeskommune har vore utførande og stått for restaureringa. Det er eit flott og nitidig arbeid han har utført. At det tok lenger tid enn pårekna, skuldast at vindaugo var i dårlegare forfatning enn det fylkeskommunen hadde trudd på førehand.

No er mykje fornya, men sjølvsagt er så mykje som mogeleg av det opphavlege brukt vidare. Legg merke til detaljane, det er til og med nytta smidde spiker.

Etter det me har fått opplyst, vil Hordaland fylkeskommune restaurera fleire vindauge i stasjonsbygningen i 2012. Det gler oss stort.

Sjå elles det som vart skrive då vindaugo vart tekne ut for restaurering i april her.