Dokumentasjon av
Noregs minste boggipassasjervogn


Osbanens Venner har på Stend stasjon teke vare på to halve engelskbygde vognkassar frå Nesttun-Osbanen og sett dei saman på eit provisorisk understell med hjul og boggiar frå ein polsk bane med større dimensjonar enn Osbanen hadde. Den eine halve vognkassen vart i 1984 henta frå Feråsen ved Steinsvik i Fana, der han sidan 1935 hadde stått som hytte. Den andre halve kassen hadde sidan 1935 stått som uthus ved Solstrand hotell i Os, og vart henta til Stend i 1991. Vognkassane ber sterkt preg av å ha levd eit liv utandørs frå 1935 til 2011. 

Osbanens Venner ønskjer å få vogna istandsett og samstundes føra ho tilbake til ein utsjånad ho faktisk hadde i Osbanen si driftstid. Vogna framstår i dag med delar frå mange ulike vogner, også frå norskbygde vogner. Me ønskjer å engasjera Hardanger Fartøyvernsenter til å dokumentera vogna si opphavlege utføring. Firmaet Stål-Consult AS vil samstundes verta engasjert til å utarbeida teikningar av det originale understellet. Med utgangspunkt i dei eksisterande delane og attverande originalteikningar vil det verta utarbeidd ein spesifikasjon som gjer det mogeleg å restaurera vogna til opphavleg utsjånad. 


Utsnitt av gamalt foto med den aktuelle vogntypen.

Prosjektet skal resultera i ein nøyaktig dokumentasjon av korleis dei åtte første passasjervognene levert til Nesttun-Osbanen frå England i 1894 såg ut. Vognene vart bygde av “The Oldbury Railway Carriage & Wagon Company” og representerte delar av eit då heilt nytt og uprøvd system i norsk jernbanebygging. Eit vesentleg argument for å gripa fatt i oppgåva er at Osbanen sine første passasjervogner, leverte frå England og med fransk førebilete, danna grunnlaget for at den norske fabrikanten Skabo Jernbanevognfabrik i Kristiania seinare kunne levera vogner med dei same løysingane både til Nesttun-Osbanen, Urskogbanen, Hølandsbanen og Sulitjelmabanen, alle med 750 mm sporvidde. Men dei første vognene til Osbanen var både lettare og simplare utførte, og vart difor Norges aller minste boggipersonvogner.

Pr. 15.01.2013 har følgjande instansar løyvd midlar til prosjektet:

Bidragsytar

Meddelt i brev dato

Beløp

Os kommune

24.10.2011

kr 5 000,00

Bergen kommune Byantikvaren

14.11.2011

kr 41 000,00

Hordaland Fylkeskommune

02.12.2011

kr 20 000,00

Norsk Jernbanemuseum

21.12.2011

kr 50 000,00

Norsk Kulturråd

27.03.2012

kr 200 000,00

Grieg Foundation

27.09.2012

kr 50 000,00

Bergen kommune Byantikvaren

17.12.2012

kr 25 000,00

Vestenfjelske Bykreditts Stiftelse

18.12.2012

kr 200 000,00

Os kommune

28.12.2012

kr 5 000,00

Norsk Jernbanemuseum

07.01.2013

kr 50 000,00

Sum

 

kr 646 000,00

Prosjektet har eit totalt budsjett på 1.230.212,- kroner.
Osbanens Venner treng fleire bidragsytarar.

Les meir om vogna her.
Les meir om prosjektet her.
Last ned fullstendig prosjektskildring her (pdf).