Dokumentasjon av
Noregs minste boggipassasjervogn
- fyldig presentasjon

 

Vogna ikkje historisk korrekt pr i dag
Slik vogna står på Stend i dag, er ho eit samansurium av delar, endåtil med element frå dei vogner av eit anna fabrikat. Dei to halve vognkassene har heller ikkje høyrt saman; den eine halvdelen kjem frå ei rein passasjervogn, den andre frå ei kombinert konduktør/post- og passervogn. I tillegg må understellet byggjast opp på nytt. Hjul og boggiar på dagens vogn kjem frå ein polsk bane, og er av større dimensjonar enn Osbanen hadde, noko som mellom anna gjer seg utslag i at vogna er for tung og ragar 10 cm for høgt over sporet.

Prosjektet skal resultera i ein nøyaktig dokumentasjon av korleis dei åtte første passasjervognene levert til Nesttun-Osbanen frå England i 1894 såg ut. Vognene vart bygde av “The Oldbury Railway Carriage & Wagon Company” og representerte delar av eit heilt nytt og uprøvd system i norsk jernbanebygging. Vognene hadde utgangspunkt i franskmannen Paul Décauville sine idear om lettbygde transportable jernbanar, noko som både i Sverige og Noreg utvikla seg til lettbygde og billege lokale jernbanar for offentlege føremål, ”vort jernbanenets bygdeveie”. Vognene frå Oldbury vart Noregs minste boggipersonvogner til offentleg transport. Dokumentasjonen skal nyttast til restaurering av vogn nr 1, litra CDFo, no utstilt ved Stend stasjon.  


Ulven stasjon i 1907. Vogn av den aktuelle typen nærast fotografen.
Foto: Gerhard Berg.

 

Kva manglar - oppgåve
Bakgrunnen for oppgåva er at opphavlege teikningar og skildringar frå Oldbury-fabrikken ikkje er funne. Utfordringa er difor å utarbeida ein ny byggjespesifikasjon og rekonstruerte teikningar slik at det vert mogeleg å restaurera vogna så korrekt som mogeleg. Det står såleis att ein god del forskingsarbeid for å kunna rekonstruera teikningar og utarbeida ein byggjespesifikasjon. Utgangspunktet for dokumentasjon av vogna vert difor gamle fotografi, skriftlege leveransepapir o.a., i tillegg til den samansette vogna og ein halv vognkasse som Os kommune har teke vare på, forutan lause delar som eksisterer ulike stader.

Framgangsmåte
Utgangspunktet for oppgåva er tre, til dels maltrakterte, halve vognkassar av ein gong åtte heile vogner leverte frå England i 1894. I tillegg finst det ei bestillingsliste frå den norske entreprenøren, ing. N.N. Sontum, fotografi frå driftstida og fotografi frå einskilde vogner i seinare funksjon som hønsehus og liknande. I dei respektive restane av vognene er det mogeleg å finna detaljar som til saman gir eit breiare bilete av vognene slik dei opphavleg såg ut. Vidare finst det omtalar av vognene i Osbanen sitt attverande arkiv, og det ligg godt til rette for å utføra fargeanalysar.

For vognkassen vil første del av oppgåva vera dokumentasjon av dei tre vogndelane, to på Stend og ein i Hegglandsdalen (tilhøyrande Os kommune). Alle relevante delar (t.d. listverk, benkar, ventilar, vindauge etc som finst lagra andre stader) må vera gjort tilgjengelege slik at dokumentasjonsarbeidet kan skje effektivt. Dokumentasjonen vil i stor grad vera eit forskingsarbeid, då delane er dei einaste fysiske elementa me har tilbake frå dei originale vognkassene. 

Prosjektet impliserer utforming av detaljert byggjespesifikasjon med teikningar til restaurering av det som må ha vore Noregs minste boggipassasjervogn og samstundes minste postkupé i ei jernbanevogn. Me veit at vogna vart bygd som kombinert passasjer- og konduktørvogn. I konduktørvogna vart det lagra reisegods og såkalla konduktørpost. Osbanen førde post med seg heilt frå banen opna i 1894. Frå 1. mai 1919 vart det oppretta postekspedisjon på Osbanen med eige rom i to av banen sine vogner. Vogna som Osbanens Venner no søkjer å rekonstruera, er den eine av dei to post vognene. Postkupeen, som målte berre 2,33 m2, vart innreia med både skap, bord, reol og koksomn. Utruleg nok eksisterer innreiinga framleis i den attverande delen av vogna. 

For understellet er oppgåva enklare. Skabo Jernbanevognfabrik, som leverte vogner til Osbanen allereie året etter (1895), fekk oversendt eit sett teikningar av dei engelske vognene for å vurdera ei norsk utgåve av same typen. Skabo fekk endåtil oversendt ein heil boggi for å laga ein så nøyaktig kopi som mogeleg av den engelske utgåva, då konstruksjonen inntil då var ukjent i Noreg. I den engelskspråklege spesifikasjonen som ingeniør Sontum for Osbanen skreiv til Oldbury heitte det at boggiane skulle vera av amerikansk type som synt på teikning. Boggitypen følgde seinare alle boggipersonvogner ved dei norske 750 mm-banane. 

Heldigvis eksisterer hovudteikningane til Skabo-understellet. Diverre manglar detaljteikningane, og utarbeiding av dei manglende tegninger inngår i prosjektet. For utarbeiding av dokumentasjon på understellet bør ein ta utgangspunkt i dei originale hovudteikningane frå Skabo Jernbanevognfabrik. Dei må teiknast på nytt i moderne teikneprogram. Vidare må det utarbeidast teikningar til detaljane ved ramme, bremsestell og boggiar, til saman vel 100 teikningar. Som dokumentasjon vil dei to eksisterande Skabo-bygde jernbanevognene på Norsk Jernbanemuseum danna eit godt grunnlag. Det må også konfererast med Urskog-Hølandsbanen på Sørumsand som har to vogner levert til Urskogbanen i 1896. Begge stadene finn ein vognmateriell med dei same løysingane for understellet. Synfaringar der er naudsynt for å sikra at teikningsarbeidet gir eit så korrekt resultat som mogeleg. 

Profesjonell bistand
For å vera sikker på profesjonell bistand i arbeidet, har Osbanens Venner etablert kontakt med Hardanger Fartøyvernsenter. Med dei verdfulle erfaringane Hardanger Fartøyvernsenter sit med, er det svært gledeleg at senteret kan påta seg dokumentasjonsarbeidet. Senteret ser sterke likskapar mellom fartøy og jernbanevogner bygde i tre. Vidare har me kontakt med firmaet Stål-Consult AS i Kristiansand. Dei har særleg kunnskap om eldre stålkonstruksjonar, og vert nytta mellom anna av Jernbaneverket og Statens vegvesen ved etterberekningar og reparasjon av eldre bruer. Paulen bru frå 1895 ved museumsbanen Setesdalsbanen er ei av dei. I 2008 var firmaet ansvarleg for oppfølging av istandsetjingsarbeida på den 75 meter lange Selura bru frå 1901 på Flekkefjordbanen.

Andre interessentar som det vert samarbeidd med, er Hordaland fylkeskommune, Bergen og Os kommunar. Me ser for oss at også Jernbaneverket, med ansvar for nasjonal verneplan for jernbanen sine kulturminne, vil koma på banen så snart resultata materialiserer seg.

Fagråd skal sikra kvalitet
Ovanfor har me omtala ein del tilhøve som før eller seinare vil krevja ytterlegare undersøkingar og forsking. Delvis gjeld det tilhøve som me allereie i dag ser er uavklara, delvis vil arbeidet undervegs erfaringsmessig framtvinga spørsmål som krev utdjuping. Osbanens Venner har difor sett ned eit fagråd med to personar som har den beste ekspertisen som er å oppdriva for oppgåva. Begge har vore prosjektleiarar for restaurering og igjenoppbygging av dei ikkje heilt ulike vognene leverte til Urskogbanen i 1896 og til Nesttun-Osbanen i 1895, begge vogntypane frå Skabo Jernbanevognfabrik. Me meiner difor at me er godt førebudde til å kunna takla spørsmål som måtte melda seg undervegs.

Resultat av prosjektet
Hovudmålet er å få fram fullt brukbar spesifikasjon og teikningar for korrekt restaurering av personvogn litra CDFo nr 1 (Oldbury) som i dag står på Stend stasjon. Teikningane skal kunna nyttast som byggjeteikningar. 

Som eit biprodukt av arbeidet vil en oppnå fleire delmål:

Får produsert tekningar av understellet som også kan nyttast ved restaurering av vogn litra Co nr XIII (Skabo) som i dag står som uthus ved Kismul i Fana.
* Hovudteikning til vognkasse litra CDFo nr I dannar utgangspunktet for produksjon av teikningar til vognkasse litra BCo og Co. Skilnadene mellom desse vognkassene er små, og meirkostnadene til desse biprodukta også små.
* Teikningane kan nyttast til rekonstruksjon av fleire vogner i framtida dersom det skulle verta ønskjeleg.

Budsjett

Emne Kroner Dugnadstimar
Arbeidskraft - prosjektoppfølging 16.000 415
Reisekostnader 34.000 0
Møte og synfaringar 10.000 0
Spesifikasjon og teikningsarbeid 718.000 40
Sum 778.000 455
Diverse og utforutsett 77.800 23
Sum kostnader og dugnadstimar 855.800 478
Prosjektleiing og administrasjon 15% 128.370  
Sum 984.170  
25% mva 246.042  
Totalt 1.230.212  

 

 

 

 

 

 

 

 


Sum frivillige timar: 478 x 250 kr/t utgjer 119.500,- kroner.
Som grunnlag for kostnader til spesifikasjon og teikningsarbeid ligg innhenta pristilbod frå hv. Hardanger Fartøyvernsenter og Stål-Consult AS.

Last ned fullstendig prosjektskildring her (pdf).

Tilbake til førre side.