Vognene

 

Personvognene
Til opninga av Osbanen var det tinga åtte personvogner frå The Oldbury Railway Wagon and Carriage Company i Birmingham i England. Desse vart leverte utpå våren 1894. Vognene var ikkje store. Lengda av ramma var 9,1 meter, breidda av vognkassa 1,9 meter. Total høgd var 2,642 meter. Dei reine passasjervognene hadde 32 sitjeplassar kvar, medan konduktørvognene (CFo) hadde 19 sitjeplassar.  Osbanen sine personvogner var faktisk Noregs minste boggipersonvogner.

Diverre synte dei engelske vognene seg å vera av dårleg standard. Hjula var ujamne, støypejernet var for mjukt og akslar var ute av senter. Alt innan utgangen av september 1894 måtte samtlege 64 personvognhjul kasserast. Nye hjul vart leverte frå ein tysk fabrikk. Vognene vart seinare karakteriserte som billigvare.

Leveransefoto av Co-vogn frå Skabo, fotografert på Osøren i 1895.

På grunn av stor passasjertrafikk tinga Osbanen hausten 1894 fire nye personvogner frå Skabo Jernbanevognfabrik på Skøien i Oslo. Skabo leverte vognene i 1895. Desse var i det vesentlege identiske med Oldbury-vognene. Dei var bygde etter same hovudmåla, men hadde lakkert teakkledning utvendig, medan dei engelske vogenene hadde måla furupanel. Osbanen var svært nøgd med vognene frå Skabo. Ikkje berre var dei nydelege å sjå til, men dei var solide og gjekk godt i sporet.

Levert tal Litra Fabrikat Byggeår
2 CFo Oldbury 1894
2 BCo Oldbury 1894
4 Co Oldbury 1894
1 CFo Skabo 1895
1 BCo Skabo 1895
2 Co Skabo 1895
1 Co Skabo 1907
2 Co Skabo 1914

Postkupè vart i 1919 innreidd i to av CFo-vognene.

 

Godsvognene
Vagger, tippvogner og små grusvogner av ulike typar var nytta under anlegget av banen. Nokon fullstendig oversikt over anleggsmateriellet har me ikkje.

Av vogner som har vore nytta i den ordinære jernbanedrifta har Osbanen tinga dette (dei ti første vart òg nytta under anlegget):

Levert tal Litra/type Fabrikat Byggeår Lengde o.k.
4 Lågkarma boggivogner (No) Oldbury, Birmingham 1893 9,37 m
6 Kasse/
grusvogner (M) 
Orenstein & Koppel, Berlin 1894 4,55 m
1 Go Skabo, Oslo 1905 7,66 m
2 G Skabo 1906 6,06 m
1 L Skabo 1907 6,06 m
1 G Linke-Hofmann Werke, Breslau 1921 6,16 m
1 No Linke-Hofmann Werke 1921 8,66 m

Av dei fire lågkarma vognene frå Oldbury vart to seinare forsynte med høge kassar og rekna som kassevogner, ei fekk lukka kasse (litra Go), medan den fjerde gjekk som stakevogn. To av dei seks kassevognene frå Orenstein & Koppel fekk i 1897 overbygning, men dette må seinare vera fjerna. Alle vognene var i bruk på Osbanen til banen vart nedlagt, med unnatak av ei av O&K-vognene.

Godsvogner på Svingskiva på Osøren. Midt i biletet G-vogna bygd av Linke-Hofmann Werke. Til høgre skimtar me L-vogna bygd av Skabo i 1907.