Vognhall på Stend

Ein gamal draum er i ferd med å gå i oppfylling: Stend stasjon får vognhall. Dermed kan det unike museumsmateriellet vårt gå ei tørrare framtid i møte.

Stiftelsen UNI har etter søknad løyvd 126.000,- kroner til prosjektet. Utan deira vedtak kunne me ikkje gått i gang.

På denne sida presenterer me framdrifta i arbeidet. Notisane kjem kronologisk, med ferskaste nyhende øvst. For dei som ønskjer meir bakgrunnsinformasjon, har me skrive litt om forarbeidet og grunngjevinga for tiltaket her.

 

24. mars 2012: Toget kan køyra frå vognhallen til stasjonen
Så kan endeleg toget køyra frå vognhallen og bort til stasjonen. Sporet er samanhengjande, og det trengst ikkje lenger kranbil for å få toget frakta mellom stasjonen og vognhallen (jf. transporten inn i hallen 27. desember). I dag vart den store og viktige jobben gjort: Dei manglande 16 metrane med spor vart lagt.

Osbanens Venner hadde ikkje erfaring med å bøya skjener for å laga kurver. Foreininga hadde heller ikkje disponibelt alt av utstyr som trengtest. Tidleg i fjor haust vart det retta ein førespurnad til Venelaget for Gruo på Stord om dei kunne bistå Osbanens Venner med arbeidet. Venelaget for Gruo har med eige dugnadsmannskap bygt mange kurver på sin gruvebane med 600 mm sporvidde på Litlabø på Stord, og har såleis fått god erfaring. Det mangla ikkje på velvilje då spørsmålet frå Osbanen vart motteke på øya der sør, og tilbakemeldinga var at kurve skulle dei byggja som veneteneste så fort traseen var ferdig planert og snø og tele var forsvunne.

I løpet av eit par laurdagar i mars vart traseen ferdig planert, slik at det skulle vera berre å hiva sviller og skjener på plass når gruvegjengen kom. Laurdag 24. mars pågjekk dugnaden frå 9.30 til bortimot klokka 16. Dei var fast medvitne på å verta ferdige før dagen var omme og skulle endåtil rekkja noko anna på kvelden, og gjekk difor i gang straks dei var komne til Stend. Osbanens Venner hadde fleire av sine aktive i sving, og samarbeidet mellom dei to laga gjekk svært godt. Stordabuane konsentrerte seg om å velja ut skjener som var høvelege for føremålet, pressa skjenene og saga av skjener til å skøyta inn der det var kortare enn vanleg skjenelengde fram til enden av det eksisterande sporet. Osbanens Venner bar ut sviller, hjelpte til med å bera fram skjenene, og spikra i dei rundt 90 dogs-ane (skjenespikrane) som måtte ned før sporet var klart.

I 15-tida vart arbeidet rekna som fullført. Det vart markert med prøvekøyring av sporet. Lokomotiv og vogn fekk seg ein tur ut av vognhallen, sneik seg i sakte fart gjennom den nylagde kurva og heldt fram vidare bort til stasjonsbygningen. Så var det retur. Køyreturen gjekk fint.

Det står enno att å justera litt under nokre av svillene. I skrivande stund er vertikalkurvaturen noko meir framtredande enn ønskjeleg. I tillegg må det fyllast på med ballast (grus) rundt og mellom svillene.

Osbanens Venner vil gjerne takka Venelaget for Gruo ved dei tre iherdige og blide herrane Ivar J. Helleland (leiar i laget), Sven Lindseth og Tor Resser for flott innsats denne solskinnsdagen.

sporlegging24032012_2.jpg (113667 byte)  sporlegging24032012_1.jpg (122744 byte)  sporlegging24032012_3.jpg (114838 byte)  sporlegging24032012_4.jpg (115647 byte)  sporlegging24032012_5.jpg (104500 byte)  sporlegging24032012_7.jpg (103694 byte)  sporlegging24032012_6.jpg (101071 byte)  sporlegging24032012_8.jpg (455789 byte)

 

17. mars 2012: Planering av resten av banetraseen
Arbeidet med å knyta saman jernbanesporet frå vognhallen med det eksisterande sporet frå stasjonen heldt fram førre laurdag og i dag. I traseen vart ein heil del sviller henta ut, slik at me kunne ha noko å sikta og vatra etter. Traseen vart så ferdig planert, så nøyaktig som det er gagn i å gjera jobben før sporet faktisk skal leggjast. Ein diger stein som stakk litt for høgt opp i traseen vart kløyvd. 

 

27. desember 2011: Toget inn i vognhallen!
Osbanens Venner hadde eit sterkt ønske om å få flytta den unike jernbanevogna inn i vognhallen før nyttår, sjølv om sporet fram til vognhallen ikkje var ferdig lagt. Framleis manglar det om lag 15 meter spor. Vogna toler ikkje å stå utandørs ein vinter til, og difor vart det teke affære:

Tysdag 27. desember klokka 10 samla sju Osbane-interesserte seg på Stend stasjon og byrja førebu flyttinga. Tre kvarter seinare kom vår gode støttespelar Arne Heggernes og medhjelpar med lastebil med kran. Alt var klart til å løfta vogna over frå det eine sporet til det andre. Veret har som kjent vore så ymse i desember, men denne dagen var det heldigvis ikkje ille. Det viktigaste var at ikkje vinden tok særleg tak. Løfteoperasjonen skulle likevel verta litt utfordrande, på grunn av ein lågspentleidning som kryssar i lufta over sporet mellom vognhallen og det gamle sporet. Vogna kunne difor ikkje flyttast i eitt løft. Umogeleg vart det likevel ikkje, og som fotoa syner, kom vogna seg over. Lastebilen stod først på vestsida av leidningen og løfta vogna så langt som mogeleg. Deretter vart bilen køyrt til austsida av leidningen og tok nytt tak i vogna derifrå. Den eine boggien ramla av vogna då ho skulle inn på det nye sporet, men med litt presisjonsarbeid var det mogeleg å få vogna trygt plassert ned på boggien att. Med handamakt frå ivrige osbaneentusiastar vart vogna skubba inn i vognhallen.

Når ein først er godt i gang, er det freistande å gjera meir. Det vart difor til at også lokomotivet vart flytta over til nylagt jernbanespor utanfor vognhallen. For lokomotivet sin del vart transporten litt enklare. Loket vart heist opp og plassert på lasteplanet. Deretter køyrde lastebilen fram til det nye sporet, altså forbi den plagsame lågspentleidningen, og løfta loket ned på sporet. Også loket vart skubba inn i vognhallen med handamakt. 

Ein særs viktig milepåle er nådd. Etter å ha levd eit liv utandørs sidan 1935 har no den unike vogna vår komen tørt og trygt under tak. Osbanens Venner takkar hjarteleg alle som var med og bidrog til å gjennomføra dette viktige prosjektet. Ikkje minst takkar me Arne Heggernes for uvurderleg bistand med kranbilen.

flytting-032.jpg (129870 byte)  flytting-037.jpg (120813 byte)  flytting-065.jpg (150319 byte)  flytting-082.jpg (220844 byte)  flytting-099.jpg (106974 byte)

 

26. november 2011: Siste økt på sporet i 2011
I dag vart den tredje lenken, dvs sist utlagde del av sporet, løfta opp litt. Deretter vart sporet ferdig pakka. Vidare vart ein del steinar, jord og leire som har vorte gravd ut av traseen og som låg mellom sporet og g/s-vegen, lasta i trillebår og køyrt bort til vognhallen. På ein seinare dugnad må meir av massane her gravast vekk. Endeleg fekk me fylt i med grus i og rundt sporet, slik at det no er ferdig grusa rundt tredje lenken óg. Status: 14 meter nylagt spor inne i vognhallen og 21 meter nylagt spor utanfor. 

 

19. november 2011: Sporet vert lengre
Ny dugnadsøkt på sporet vart halden i dag. Lengde to frå førre dugnadsøkta vart justert og pakka, før skjenene vart spikra fast til svillene. Deretter vart det lagt ut sviller for tredje lengda. Medan det eine laget jobba med spor, rydda andre i traseen med å rydda bort stein og køyra på grus. Då dagen var omme, var tredje skjenelengda nesten ferdig lagt, det manglar noko pakking. 

 

12. november 2011: Sporlegging ...
I strålande ver stilte i alt sju mann til sporlegging denne dagen. Folk var i sving frå klokka ti og til mørket byrja senkja seg. Resultatet vart at to sporlengder, dvs til saman 14 meter spor, vart lagt frå vognhallen og i retning vestover. Avstanden mellom jernbanesporet frå vognhallen og det eldre sporet som ligg framfor stasjonsbygningen, vert stadig kortare. 

2011_11_12_vognhallen_0005s.jpg (131091 byte)  2011_11_12_vognhallen_0013s.jpg (108199 byte)

2011_11_12_vognhallen_0016s.jpg (164918 byte)  2011_11_12_vognhallen_0031s.jpg (164955 byte)  2011_11_12_vognhallen_0027s.jpg (135547 byte)  2011_11_12_vognhallen_0039s.jpg (156399 byte)

 

10. november 2011: Graving av trasé for jernbanespor
I dag var ein liten 1 1/2 tonns gravemaskin på plass på Stend for å grava ut traseen for jernbanesporet som skal byggjast fram til vognhallen. Maskinen var i sving på tomta i nesten seks timar. Grushaugane vart flytta til sides ut av traseen, og så vart steinar og andre massar gravde ut av det som skal verta ny jernbanetrasé, ei strekning på nesten 40 meter. Terrenget er som kjent flatt, men det måtte gravast ca. 10 cm ned for å få tilstrekkeleg djupne for svillene.  Når maskinen først var på staden, var det greitt å kunna få nytta han til å pigga ned bergnabbane som har stått svært tett inntil austre endeveggen på vognhallen. 
Osbanens Venner retter ei stor takk til Arne Heggernes med gravemaskinen for uvurderleg innsats som sparde oss for mangfaldige dugnadstimar!

DSCF6842.jpg (258353 byte)  DSCF6863.jpg (271166 byte)  DSCF6880.jpg (232668 byte)  DSCF6906.jpg (234918 byte)  DSCF6895.jpg (232232 byte)

 

1. november 2011: Sviller levert
I dag kom det ein semitrailer med sviller til Stend stasjon. Enno manglar det sporsamband mellom sporet som toget køyrer på ved stasjonen og sporet inne i vognhallen. Å byggja dei vel 40 metrane med spor som manglar, er neste post på dugnadsprogrammet. Nye sviller er tinga frå Tinnoset sag, og er kreosotimpregnerte ved Larvik Impregneringskompani. Svillene er skorne etter mål og har dimensjonar heilt som dei svillene som vart nytta på Osbanen frå 1910 og seinare. Osbanens Venner tilstrebar å gjera det nye sporet historisk korrekt. Osbanens Venner takkar Arne Heggernes for ypperleg bistand med lossing av svillene. Svillene ligg no stabla inne i vognhallen, klare til bruk.   

sville-levering1.jpg (104578 byte)  sville-levering2.jpg (93439 byte)  sville-levering3.jpg (94104 byte)

 

29. oktober 2011: Pleksiglas held regnet ute
Langs heile langveggane er det i haust montert pleksiglas, glasa på nore langveggen kom på plass i dag. Glasa er monterte for å hindra regn i å trengja inn i hallen gjennom det opne rommet over sideveggane. Glasruter her låg ikkje inne i den opphavlege planen, men har synt seg å fungera svært fint. No er hallen tørr. Platene er monterte på innsida av søylene og skråavstivarane, slik at dei bygningsmessige detaljane kjem like godt til sin rett som tidlegare. Platene slepp dessutan inn fullgodt med lys. Ein ekstra pluss er det at dei er med på gjera det lunare i hallen. 

2011_10_15_vognhallen__0005.jpg (77068 byte)

 

10. september 2011: Sporet inne i vognhallen ferdig lagt
I dag vart arbeidet med å leggja jernbanespor inne i hallen fullført, etter dugnadsinnsats som har pågått over fleire laurdagar og vekedagar. Her er det gravd av og trilla vekk pukk og andre uhøvelege massar. Sviller og skjener er lagt ned i heile hallen si lengde. Det er lagt innsats ned i å få sporet til å liggja godt og til å få det beint og sentrert etter hallen si
midtlinje. For både å få eit fint golv i vognhallen og samstundes få det plant og fint, valde me å fylla opp med grus over heile golvflata i hallen, frå vegg til vegg, og ikkje berre rundt sporet. Nytt golvplan er no i nivå med toppen av svillene. Utandørs er singel frå haugen på nordsida av hallen lasta opp og køyrt og tippa langs med grunnmuren på utsida. Det var eit framhald av tidlegare påbyrja forskjønning. No er botnen av grunnmuren med trefliser o.a. fint tildekka. 

Og så er både sporet og vognhallen teken i bruk: Dei to originale Decauville-hjulgangane frå 1890-åra som i eit par år har lege lagra på perrongen framom stasjonen, vart trilla bort til og inn i vognhallen. No ligg hjulgangane fint parkert på enden av sporet inst i vognhallen. Der kjem dei ikkje i vegen for noko. Altså: Vognhallen er no teken i bruk!

2011_09_10_vognhallen-stend__0017.jpg (449455 byte)  2011_09_10_vognhallen-stend__0019.jpg (753058 byte)  2011_09_10_vognhallen-stend__0061.jpg (532885 byte)    2011_09_10_vognhallen-stend__0089.jpg (359017 byte)  2011_09_10_vognhallen-stend__0082.jpg (664020 byte)

22. august 2011: Legging av spor
Osbanens Venner har halde fram med å rydda utanfor vognhallen, og fin grus er lagt inntil grunnmuren på utsida. Inne i hallen vart det i kveld gravd av grus og deretter lagt sviller og skjener. Sviller er lagt i heile hallen si lengde, førebels er skjener lagt i ytste halvdelen.

 

15. august 2011: Vognhallen er rydda
Dugnadsøkt i regi av Osbanens Venner: I kveld vart vognhallen tømt for alle materialrestar, skrot og andre restar etter byggjeprosessen. Det vart óg samla saman ein del fragment som låg att på tomta utanfor hallen. Ein del brukbare materialar vart tekne vare på, og er lagra på provisoriske hyller som er laga oppe på den eine veggen inne i hallen. Alt som vart fjerna vart køyrt til gjenvinningsanlegget seinare i veka. Hallen er no klar til å kunna sporleggjast.

 

Juni - juli - august 2011
Medlemer av Osbanens Venner har halde fram med å måla vognhallen. Etter råd frå fagperson hjå bygningsverntenesta i Hordaland Fylkeskommune vert det nytta linoljemåling. Fargane som er valde, er dei same som alltid har vore nytta på stasjonsbygningen på Stend; borgraude flater og oker lister m.v. Vognhallen glir dermed fint inn i miljøet på Stend.

Ved dugnadsinnsats har Osbanens Venner dessutan montert bom for låsing av dei store portane, i tillegg til å fiksa ein del mindre byggtekniske ting som yrkesskulen ikkje rakk gjera ferdige før dei tok ferie.

2011_08_11_Vognhall-Stend__0004s.jpg (200659 byte)  2011_08_11_Vognhall-Stend__0028s.jpg (189387 byte)  2011_08_11_Vognhall-Stend__0031s.jpg (172647 byte)  2011_08_11_vognhall-Stend__0013s.jpg (210161 byte)

 

11. juni 2011: Første stroket på veggane...
Så har alt som kunne målast raudt utan bruk av stige, fått fargen sin. Hallen vil få minst to strok. 

DSC00261.JPG (303826 byte)  DSC00264.JPG (317330 byte)

 

10. juni 2011: Vognhallen vert raud
Medlemer av Osbanens Venner skal måla vognhallen som dugnadsarbeid. I kveld starta arbeidet ved at nordre langveggen vart måla raud. Vognhallen får same fargane som stasjonsbygningen, slik at veggflater, portar og dør vert måla med fargen borgraud, medan søyler, bjelkar og lister vert måla oker. Det vert nytta linoljemåling, både av historiske omsyn og for å få eit så godt resultat som mogeleg. 

 

8. juni 2011: Os vgs ferdig med sitt arbeid
Så var dagen komen då elevane frå Os vgs la siste handa på verket. Dette var siste praksisdagen for VK1 før elevane tek sommarferie. Vognhallen framstår no i det store og heile som ferdig bygt, det er berre nokre små justeringar som må til her og der. Langveggane er ferdig bygde, det same er begge gavlveggane. I tillegg er portane monterte. 

 

5. april 2011: Vestre gavlveggen ferdig

2011_04_05_vognhallen__0002.jpg (91502 byte)  2011_04_05_vognhallen__0005.jpg (65861 byte)

 

4. april 2011 - full aktivitet
Os vidaregåande skule jobbar for tida på vognhalltomta fast kvar måndag og onsdag. I tillegg tek dei ein og annan halv tysdag, så langt som skuleplanen gir rom for det, slik at arbeidet skal skrida fram fortast mogeleg. Målet er å verta ferdige med alt arbeidet i høgda, det vil seia gavlveggane og takmøna, til påske. Elles pågår i skrivande stund arbeid med å reisa stenderverk for bordkledningen på langveggane.

   2011_04_04_vognhallen__0019.jpg (99507 byte)  2011_04_04_vognhallen__0005.jpg (102080 byte)  2011_04_04_vognhallen__0008.jpg (108156 byte)  2011_04_04_vognhallen__0027.jpg (108570 byte)

 

28. mars 2011: Tett tak!
Dei tre siste takplatene vart skrudde fast, og dermed har vognhallen fått komplett og tett tak!

2011_03_30_stend__0007.jpg (107114 byte)

 

21. mars 2011: Taket kjem
I dag vart takplatene leverte til Stend, og elevane byrja straks å skru platene fast der dei skal vera. 

 

7. mars 2011: Det nærmar seg legging av tak
Så starta arbeidet på vognhallen oppatt, etter at VK 1 ved Os vidaregåande skule har hatt tre veker utplassering og ei veke vinterferie. Elevane byrja i dag å spikra lekter for takplatene. Ein eller to arbeidsdagar til er alt som skal til før tak kan leggjast. Elevane vil no jobba fulltid kvar måndag og onsdag fram til påske. 

 

2. februar 2011: Kranselag!
I våre dagar er det vanleg å arrangera kranselag når taket på bygget er tett, men i gamal tid var skikken å halda kranselaget når siste sperret var kome på plass. Den milepålen var no nådd på Osbanens Venner sin nye vognhall, og byggherren Osbanens Venner måtte (og ønskte!) difor å halda kranselag for å syna at dei var nøgde med det arbeidet som byggmeisteren, Os vidaregåande skule, har utført. 

I pøsande regn vart det servert velsmakande vognhall-kake, det vil seia kvit dame med vognhallen måla på marsipanlokket, tebrød, kaffi og brus. Til stades var 11 elevar frå VK1 ved byggfag på Os vidaregåande skule, dei som har stått for oppføringa av sjølve hallen, i tillegg til tre av lærarane og representantar frå Osbanens Venner. I tillegg stilte journalistar frå i alt tre aviser for å dekkja seremonien. 

 2011_02_02_Vognhall-kranselag__0007.jpg (80024 byte)  2011_02_02_Vognhall-kranselag__0017.jpg (64331 byte)  2011_02_02_Vognhall-kranselag__0032.jpg (111817 byte)  2011_02_02_Vognhall-kranselag__0037.jpg (104026 byte)  2011_02_02_Vognhall-kranselag__0041.jpg (95502 byte)

 

26. januar 2011:
Og så er alle taksperra på plass!

 

19. januar 2011: 
I dag var halvparten av taksperra komne på plass. 

2011_01_19_Vognhall-bygging__0027.jpg (226560 byte)  2011_01_19_Vognhall-bygging__0019.jpg (181917 byte)  2011_01_19_Vognhall-bygging__0048.jpg (95281 byte)  2011_01_19_Vognhall-bygging__0012.jpg (164817 byte)

 

6. januar 2011: Nytt stillas på plass
Stillaset som Osbanens Venner fekk låna i desember, måtte returnerast, men i dag kom det på plass eit nytt stillas. Det skjedde same dagen som det første stillaset vart plukka ned. Dermed unngjekk me opphald i arbeidet.
Denne gongen er det Stillas Montasje AS som skal ha takk for å ha lånt oss stillas! 

Os yrkesskule jobbar primært på vognhallen på måndagar og onsdagar, og arbeidet deira vil halda fram måndag 10. januar.

 

5. januar 2011: Første sperret har kome opp
Så er første sperret kome på plass. Der er dermed lett å sjå kva form den endelege bygningen vil få. 

 

3. januar 2011: Arbeidet skrir vidare
Måndag 3. januar vart første arbeidsdagen på vognhallen i 2011. I løpet av dagen kom samtlege av hanebjelkane på plass. 

 

14. desember 2010: Samtlege søyler er reist
No er samtlege søyler reiste på grunnmuren. Byggverket er sikra, og skulen må no ta juleferie. Os vidaregåande skule opplyser at dei vil halda fram med full mannskapsinnsats første veka i januar 2011. 

2010_12_18_vognhallen__0002_s.jpg (398271 byte)  2010_12_18_vognhallen__0016_s.jpg (266065 byte)  2010_12_18_vognhallen__0010_s.jpg (214845 byte)  2010_12_18_vognhallen__0020_s.jpg (395950 byte)

 

13. desember 2010: Bygginga har starta
Ein ny milepåle er nådd. I dag starta nemleg sjølve byggjearbeidet. Me ventar i spenning på framhaldet. Bygningen vert flott!

Bilde0213.jpg (240559 byte)

 

8. desember 2010: Stillas reist
I dag vart stillas reist rundt grunnmuren. Dei som skal reisa vognhallen, må ha stillas for å kunna stå i høgda når søylene snart skal byrja reisa seg på grunnmuren. Osbanens Venner takkar Instant Storum Stillaser for velvillig utlån av stillas. Yrkesskulen har montert stillaset som elevarbeid. 

 

23. november 2010: Botnsvillene på plass
I dag vart ein stabel med bjelkar og søyler til vognhallen transporterte frå Os vidaregåande skule til byggjetomta på Stend. Elevar frå skulen starta dessutan byggjearbeidet ved å skru fast botnsviller på grunnmuren. Skulen har vorte pålagt ein del andre oppdrag som måtte prioriterast, difor har det vorte eit opphald i arbeidet med vognhallen, men no skal arbeidet vera i god gjenge att.

 

16. juni 2010: Sparebanken Vest sikrar framdrifta
Etter anleggsstart vinteren 2009 har det dukka opp fleire tilhøve som har gjort at vognhall- prosjektet vert meir kostbart enn budsjettert med, og dermed meir enn det Stiftelsen UNI har løyvd midlar til. Mellom anna måtte sprengingsarbeidet setjast ut til ein ekstern entreprenør, då Os vgs likevel ikkje kunne ta den delen av jobben. Det tilkom dessutan kostnader ved omlegging og sikring av ei vassleidning som ikkje var kjent på det tidspunktet då hallen vart planlagt. Materialkostnadene til sjølve bygget har òg vorte større enn budsjettert med.

Stor var difor gleda då me 31. mai i år mottok invitasjon til gåveutdeling i Sparenbanken Vest sine lokale i Lagunen 15. juni. Og endå større var gleda då representantar frå foreininga var til stades på gåveutdelinga og fekk veta kva tildelinga kom på: 25.000,- !
Osbanens Venner reknar no finansieringa av vognhallen som sikra. Me vil difor retta ei stor takk til Sparebanken Vest for at dei har tru på det me driv med. 

 

1. juni 2010: Delane til grindbygget ferdig skorne
Fleire månader har gått utan at det har skjedd noko på byggjetomta, men det tyder ikkje at prosjektet har stoppa opp. På området til Os vidaregåande skule har lærar og elevar stått i mange veker og laga delane til sjølve bygget. No er alt reisverk og tak ferdig laga og ligg lagra i ein garasje. Til hausten vert delane frakta til Stend og sette saman. Ein stor del av jobben er med andre ord unnagjort. Opphavleg var det intensjonen å få sett opp bygget før sommaren, men på grunn av at snøen låg svært lenge, vart byggjearbeidet forseinka. Arbeidet med bygningsdelane måtte nemleg føregå utandørs.

 

17. november 2009: Forskalinga riven
Tysdag 17. november vart forskalinga riven, og grunnmuren står ferdig.

vognhall-ferdigmur20091121.jpg (83385 byte)

10. november 2009: Forskaling
Lærar og elevar frå Os vidaregåande skule var på plass på Stend for å setja opp forskalingane til grunnmuren. I løpet av dagen vart det meste gjort, siste finpussen vart teken dagen etter. Torsdag 12. november vart sement tilkøyrt, og grunnmuren vart støypt.

 

22. oktober 2009: Tomta ferdig planert
22. oktober: Siste økta på grunnarbeidet. Nils Eivind Søfteland med gravemaskinen drog massane fint utover, og medlemer av Osbanens Venner plukka vekk store steinar som enno låg att, kontrollmåla tomta og passa på at massane kom der dei skulle. Tomta er no ferdig planert. Grushaugane som har lege lagra på vestsida av stasjonsbygningen, vart køyrde til vognhalltomta, grusen kjem til nytte når sporet seinare skal forlengjast fram til hallen.
Stor takk til Søfteland for godt samarbeid!

2009_10_20_Vognhall-tomta__0003.jpg (74158 byte)  2009_10_20_Vognhall-tomta__0010.jpg (96299 byte)

19. oktober: Lausmassane på haugen bak vognhalltomta vart fint danderte utover av jordbruksskulen sin entreprenør. Takk for innsatsen - det gjorde landskapet mykje finare!

17. oktober: Entreprenøren som har jobba for Stend jordbruksskule, hadde pigg til gravemaskinen, og i dag belta han seg nok ein gong over til vognhalltomta for å pigga ned dei attståande knausane. Etter ein knapp time var dei siste nabbane vekke.

2009_10_17_vognhall-arbeid__0004.jpg (105333 byte)  2009_10_17_vognhall-arbeid__0002.jpg (67312 byte)

16. oktober: Stend jordbruksskule trong stein til planeringsarbeid på andre sida av vegen, like ved byggjetomta. Jordbruksskulen sende difor sin entreprenør bort til vognhalltomta for å henta store steinar. Det var ei løysing som var til fordel for både jordbruksskulen og Osbanen. Same føremiddagen fekk Osbanen tilkøyrt to lass med handstein frå ei byggjetomt i Rådalen. Tilkøyrde steinar skulle kompensera for manglande små steinar på tomta. 

15. oktober: Nok ein kveld prega av graving. Osbanens Venner har vore uheldige i ein tidleg fase i grunnarbeidet. Sprengingane har ikkje gjeve godt nok utslag, og eit par nabbar stakk framleis for høgt opp. Dessutan var tomta prega av store steinar og altfor små kvanta med mindre steinar til å leggja i dei øvre laga. Mykje tid for gravemaskinen har difor gått med til å sortera stein.  

14. oktober: Kveldsarbeidet heldt fram. Leidningsgrøfta vart fylt att. Deretter starta arbeidet med å finplanera tomta. To lass med fin grus vart tilkøyrt. 

2009_10_14_vognhall-arbeid__0009.jpg (87428 byte)  2009_10_14_vognhall-arbeid__0004.jpg (109062 byte)

13. oktober: Etter eit lengre opphald vart det på nytt aktivitet på byggjetomta. Grunna kalde netter måtte det no prioriterast å få lagt vassleidningen som kryssar byggjetomta, og som vart lagt provisorisk i friluft utanom graveområdet i vår, ned att i bakken. Nils Eivind Søfteland stilte med gravemaskin og starta i sekstida på kvelden med å grava ny grøft. Tre timar seinare var leidningen komen ned i grøft og isolert med skålrøyr i isopor. 

 

19. oktober 2009: Materialane levert frå sagbruket
Det første av to lass med materialar vart køyrt frå Solberg sagbruk på Osterøy og levert til Os vidaregåande skule. Skulen vil byggja modular på skulen, og seinare frakta dei ferdige modulane til Stend og setja dei saman der.

 

30. mai 2009: Tomta grovplanert
Opphavleg var det meininga at Os vidaregåande skule skulle ta alt gravearbeid på tomta, men på grunn av eksamenar og fagprøver var korkje maskinar eller elevar disponible for graving etter sprenging. Gleda var difor stor då entreprenør Kurt Hamre på Titlestad sa seg villig til å gjera jobben på dugnad. Avtale med Hamre vart gjort på fredag, og dagen etter var både maskin og førar på plass. I løpet av noko over tre timar vart heile byggjetomta grovplanert. Eit par gamle tre som enno stod att på tomta, vart fjerna. Gravemaskinen tok den jobben svært raskt - og utan den minste fare for at trea skulle ramla i gal retning.

vognhall_graving1.jpg (196276 byte)  vognhall_graving3.jpg (183744 byte)  vognhall_graving2.jpg (180460 byte)  vognhall_veltingavtre.jpg (172676 byte)

25. mai 2009: Ferdig sprengt
Så er byggjetomta ferdig sprengt. I alt 90 borhol vart fylte med sprengstoff. Ladningane gjekk av i fire salver i løpet av måndag 25. mai. Sprengingsarbeidet vart utført av firmaet Sprengningsteknikk AS. 

Ein liten filmsnutt av den eine salva kan du sjå på youtube.

vognhall_sprenging1.jpg (651631 byte)  vognhall_sprenging2.jpg (753261 byte)

4-8. mai 2009: Boring
Yrkesskulen har vore på Stend med kompressor og boremaskin og bora i alt 90 hol for sprengladningar. Det er venta at sprenging vil skje siste veka i mai. Avgraving av massar vil skje kort tid etterpå, og planeringsarbeidet er venta å vera ferdig før sommarferien. Støyping og bygging skjer til hausten.

 

16. april 2009: Gravemaskinen ferdig
Så er arbeidet med å grava av lausmassar på byggjetomta ferdig. Gravemaskinen vert returnert til Os, og snart er det klårt for boring og skyting. Takk til Valde Transport på Kalandseid, som transporterte gravemaskinen tilbake til Os som dugnadsinnsats.

byggjetomta_20090419_ 002.jpg (79945 byte)

24. mars 2009: Grunnarbeidet har starta!
I løpet av dagen er store delar av lausmassane på vognhall-tomta gravde av. Os vidaregåande skule har grunnarbeidet som øvingsoppgåve for fire elevar. Dei fire elevane skiftar på å køyra gravemaskinen, 20 minutt om gangen. Faglærar Svenn Arve Kleivane er heile tida til stades og ser at alt går rett for seg.

vognhall_gravemaskin2.jpg (123266 byte)  vognhall_gravemaskin1.jpg (141961 byte)  

23. mars 2009: Gravemaskin på plass på Stend
I dag vart Os vidaregåande skule si gravemaskin, ein 17-tonns Åkerman H7C, flytta frå Os til byggjetomta på Stend. Maskinen fekk dra grabben nokre få turn, liksom for å markera starten på anleggsarbeidet.

Osbanens Venner takkar Os Maskin Transport for gratis transport av gravemaskinen.

 

1. mars 2009: Eit opnare landskap
Hogsten har pågått over fleire veker. Jobben måtte takast i ledige stunder, innimellom mange andre gjeremål på jordbruksskulen. Dessutan var jobben noko krevjande, då det er offentlege vegar på to sider av tomta – og straumførande leidningar på tre sider! Skulen hogde difor ut trea i midten først, og gjekk deretter laus på dei trea som stod nærast vegane, slik at dei kunne fellast inn mot midten. 

Eit opnare – og lysare! – landskap er det som møter deg på Stend stasjon no. Sjølv om skogholtet låg på god avstand frå stasjonsbygningen, har miljøet vorte mykje lysare og trivelegare etter at skogen forsvann. Slik sett er dette første terrenginngrepet for vognhallen eit positivt tiltak i seg sjølv.

Under: Byggjetomta i 2008 (t.v.) og etter hogst (t.h.).

vognhall_tomt2008_1.jpg (122767 byte)   vognhall_tomt2009_1.jpg (104371 byte)

20. februar 2009: Osbanens Venner får byggjeløyve
I dag kom det e-post frå Bergen kommune med gladmeldinga: Osbanens Venner har fått løyve til å oppføra vognhallen som omsøkt! Snakk om rask sakshandsaming: Vedtaket var gjort to dagar etter at søknaden var registrert innkomen hjå kommunen. Godt forarbeid gir raskt svar, seier kommunen i ein kommentar i ettertid. Osbanens Venner vil gjerne framheva denne gladsoga. Folk er flinke til å klaga når dei er misnøgde med noko. I dette tilfellet har Bergen kommune utvist stor velvilje, og me takkar hjarteleg.

 

17. februar 2009: Søknad om byggjeløyve innsendt
Med avtalar om entreprise og dispensasjonar frå vegstyresmaktene i ryggen var det berre ein formalitet som mangla før prosjektet kunne realiserast: Det måtte søkjast om byggjeløyve. Sidan hallen er mindre enn 70 m2, skulle hallen i utgangspunktet kunna meldast, ein prosess som er enklare enn om han var søknadspliktig.

Det er knytt noko spenning til byggjemeldinga, då stasjonsområdet ligg i eit område som i arealdelen til kommuneplanen er sett av til Landbruk, natur og friluft (LNF). Med andre ord gjeld det eit byggjeforbod der. Osbanens Venner må difor søkja om dispensasjon. Aberet – i tillegg til vissa om det finst ein teoretisk sjanse for at bygging kan verta nekta – er at dispensasjonssøknader ofte tek lang tid å få avgjort.

Argumenta våre for dispensasjon er både at arealet ligg inneklemt som ein smal parsell mellom to offentlege vegar og at det av den grunn er svært trongt der i høve til å eventuelt nytta arealet til landbruks- eller friluftsføremål. Vidare peikar me på at arealet består delvis av skogledte knausar, delvis av tidlegare planert areal. Delar av vognhallen vil nemleg koma inn over tufta til ein tidlegare betonggarasje. Han vart oppført under siste verdskrigen og var opphavleg bensinstasjon for tyskarane. I seinare år var det mekanisk verkstad i bygningen, som til slutt vart riven på 1990-talet. At jordbruksskulen allereie har byrja rydda tomta for skog for å leggja til rette for tiltaket vårt, er eit moment kommunen nok òg vil sjå som verdfullt. Endeleg peikar me på at den nye bygningen skal ha vognhallen på Os som førebilete og dermed passa inn i miljøet han vert ein del av. At det ikkje finst alternative plasseringar for vognhallen og at tiltaket er naudsynt for å sikra unike museumsgjenstandar til glede og nytte for ålmenta, er òg eit poeng.

Under: Byggjeteikninga av hallen.

4. februar 2009: Jernbaneskjener til Stend
Ti tonn jernbaneskjener i tilnærma Osbane-dimensjon vart levert på Stend. I tjukt snødrev stod traileren og sperra eine feltet av Titlestadvegen i vel ein time medan skjenene vart lossa. Nokre av skjenene skal nyttast til forlenging av jernbanesporet austover fram til og inn i vognhallen. Resten skal stetta framtidige behov. Osbanens Venner har kjøpt skjenepartiet frå Stiftelsen Lommedalsbanen i Bærum, som hadde meir enn dei sjølve trong.
Med på lasset følgde òg ein sporveksel. Vekselen er for 600 mm sporvidde, men kan byggjast om til 750 mm sporvidde.

vognhall_skjener_1.jpg (123982 byte)

Januar 2009: Første synlege inngrep - skogen vert hogt
Stend jordbruksskule har byrja arbeidet med å saga ned trea som står på byggjetomta. Skogen er hogstmoden, og skulen ryddar tomta utan kostnad for Osbanens Venner. Hogsten må takast innimellom andre gjeremål, og skulen reknar med at det vil gå nokre veker før tomta er ferdig rydda.