Vognhallen - bakgrunn

Allereie i januar 1990 skreiv Osbanens Venner brev til grunneigar Hordaland fylkeskommune med bøn om å få løyve og avsett plass til å setja opp ”eit vognskur for ei osbanevogn”. Brevet førde til ei synfaring i februar same året. Fylkeskommunen var ikkje uvillig, men måtte ta omsyn til både jordbruksskulen og Hordamuseet, som begge hadde dei to tyskarbrakkene som enno omkransa stasjonen, som viktige lager.

Tida har gått. I løpet av 1990-åra forsvann begge tyskarbrakkene, den som låg aust for stasjonen så seint som i 1999.  

Klenodium skal sikrast
Grunnane for å byggja vognhall har heile tida vore å få museumsmateriellet under tak. Jernbanevogna som står på Stend stasjon, er den einaste heile vogna som er att av dei åtte personvognene som The Oldbury Railway Carriage Works Ltd. i Birmingham, England, bygde til opninga av Osbanen i 1894. Med ei rammelengde på 9,1 meter og oppgjeven eigenvekt 5,94 tonn frå fabrikken skulle vogna vera den minste bevarte boggipassasjervogna frå ein norsk jernbane med offentleg transport! Sjå elles meir om vogna her.

Å ta betre vare på vogna, som er den siste attverande i sitt slag i Noreg, er viktig. Vogna må under tak slik at ho kan sikrast mot det ustadige vestlandsveret. Hallen vil gjera det mogeleg å tørka ut vogna, noko som igjen vil gjera eit betre vedlikehald mogeleg. Vogna vil dermed få ein god lagringsplass når ho ikkje vert synt fram for publikum.

Det er diverre slik at to problem stadig gjer seg gjeldande på vogna: Råte og rust. Begge elementa tærar stygt. Mykje ytterkledning har vorte skifta, og meir står for tur. Samstundes treng understellet sliping og rustbehandling. Heilt nytt tak på vogna vart lagt for fem år sidan.Same kor mykje som vert skifta ut, vil regnet halda fram med å pøsa ned her i Bergen. Og vatn finn som kjent alltid ein veg inn ein eller annan stad. For å redusera forfallet på klenodiet er det viktig å i det minste gi det eit tak å stå under. Det må vera eit udiskutabelt mål å kunna behalda mest mogeleg av det originale treverket i vogna for framtida.

Vognhall beste løysing
Så lenge jernbanevogna har stått på Stend (sidan 1991) har ho vorte forsøkt teken vare på ved at ho har vorte pakka inn i presenningar om vinteren. Det er inga god løysing. Ein klår ulempe er det at det vert altfor tett mellom vogntaket og presenningen. Dessutan er det mykje arbeid å leggja på presenningar, då solide nok presenningar naturleg nok er tunge og krev at fleire personar er med på jobben. Difor vert vogna i realiteten ståande usikra halve året, frå medio april til oktober/november, i periodar når det er ope museum. Det vert rett og slett for mykje arbeid å pakka vogna ut og inn for kvar gong museet skal halda ope. Veldig enkelt vil det vera å skyva vogna inn og ut av ein hall. Då kan vogna stå i hallen året rundt og lett trekkjast ut når museet er ope.

Endeleg lokalisering avgjort i 2008
Skogholtet aust for stasjonsområdet, avgrensa av Titlestadvegen på den eine sida og den kommunale gang- og sykkelvegen på osbanetraseen på den andre sida, peika seg plutseleg – sommaren 2008 - ut som potensiell tomt for ein permanent vognhall. Ei slik lokalisering innebar bygging ein god del lenger aust enn staden som hadde vore tiltenkt plasthallen. Fordelen med ei lokalisering i skogholtet er mellom anna at der er avstanden mellom vegane større – og dermed var sjansen for godkjenning frå Statens Vegvesen større.

I august 2008 vart det difor halde synfaring saman med representant for Hordaland Fylkeskommune. Både fylkeskommunen som grunneigar og Stend jordbruksskule som disponerer arealet, stilte seg straks positive til at vognhallen kunne byggjast på den aktuelle staden. Fylkeskommunen er klåre på at hallen bør liggja lengst mogeleg vekk frå stasjonsbygningen, sidan han ikkje er ein del av det opphavlege stasjonsmiljøet. Det er ei oppfatning Osbanens Venner deler. Med plasseringa i skogholtet var ønsket oppfylt.

Arealet mellom Titlestadvegen og gang- og sykkelvegen er avgrensa. Det er difor ikkje mogeleg å byggja vognhall utan å koma i konflikt med dei generelle byggjeforbodsgrensene som gjeld langs offentlege vegar. Hausten 2008 vart det difor sendt søknader om dispensasjonar til både Statens Vegvesen og til Samferdselsetaten i Bergen kommune. Begge instansane har innvilga søknadene.

Vognhallen på Os førebilete
Vognhallen som no skal byggjast, vil ha den gamle vognhallen på Os stasjon som førebilete. I realiteten inneber det at hallen vert ein open konstruksjon der taket vert halde oppe av tjukke tresøyler. Av omsyn til disponibelt areal, vil likevel hallen på Stend verta både smalare og kortare enn førebiletet. Vår hall vil ha eitt gjennomgåande spor, medan hallen på Os hadde plass for dobbeltspor. Me vil dessutan kle inn hallen opp i ei viss høgd, særleg med tanke på å sikra materiellet mot horisontalt regn. Det er som kjent eit ikkje heilt ukjent fenomen her i Bergen. Kledningen skal festast på innsida av søylene, slik at søylene ”kjem til sin rett” og konstruksjonen sitt særpreg vert behalde.

Hallen får ei grunnflate på 60 m2, fire meter brei og 15 meter lang. Dermed vert det akkurat plass nok til å husa både vogn og lokomotiv. Diesellokomotivet ”Os” har nok ikkje den same museale verdien som vogna, men me har loket på langtidslån, noko som i seg sjølv er grunn god nok til å ta godt vare på doningen. Dessutan er det utan tvil fornuftig å ha loket ståande tørt innandørs òg, for å betre kunna halda det i køyreklår stand. Til no har loket gjort stor suksess som levandegjering og interesseskapande faktor på stasjonen. Når vogna skal stallast i ein hall godt utanfor stasjonsområdet, vert lokomotivet i tillegg ein bruksgjenstand me vil verta avhengige av – for å kunna trekkja vogna fram og attende mellom hall og museum.

Os vidaregåande skule som entreprenør og byggmeister
Lenge rådde det ein del uvisse kva oppføring av ein vognhall ville kosta – og ikkje minst kven ein skulle setja ut jobben til. Hausten 2008 tok Os vidaregåande skule på seg å byggja heile vognhallen som elevoppgåve. Oppgåva skulle inkludera grunnarbeid, forskaling, støyping og utføring av alt tømrararbeid. Osbanens Venner må sjølv halda materialar, men sjølve arbeidet skal ikkje kosta Osbanens Venner anna enn festemidlar og utgifter til køyring mellom Os og Stend.

Avtalen er ikkje noko anna enn fantastisk. For Osbanens Venner inneber det at hallen kan byggjast langt rimelegare enn ein kunne ha håpa på. Den vidaregåande skulen ser det på si side som utfordrande og interessant å få høve til å oppføra eit grindbygg, noko som er svært ulikt det dei elles har som øvingsoppgåver. 

Attende til blogg om bygginga av vognhallen.