I programmet for Kulturdagane i Fana står det at Stend stasjon skal vera open søndag 27. oktober. Det var planen å halda ope, men diverre må stasjonen halda stengt. Årsaka er at det blir lagt nytt tak på stasjonen, og stillaset som bygningsarbeidarane har sett opp, gjer det umogeleg eller lite tilrådeleg å halda stasjonen open.
Osbanen i fokus under Kulturminnedagane 2024
Tema for Kulturminnedagane 2024 er «Spor, nettverk og forbindelsar». I Bjørnafjorden og Fana handlar det om Osbanen, det vesle toget som rulla sakte, men jamt og trutt mellom Nesttun og Os frå 1894 til 1935. Mange gode krefter, mellom anna Osbanens Venner, har slått seg saman, og inviterer til fleire spennande arrangement.
Program for dagane finn du her.
Programmet som brosjyre i pdf finn du her.
Torsdag 29. august kl. 19 i Bjørnafjorden Bibliotek:
Føredrag «Osbanen – lilleputtbanen som frakta over 4 millionar passasjerar».
Søndag 1. september kl. 10.30
Vandring på Osbanetraseen og føredrag mm. i vognhallen på Os.
Vandring på Osbanen Stend – Kismul, buss til Kalandseid, buss vidare til Bergstø, vandring Bergstø – Hetlefloten, buss til Os stasjon.
Torsdag 5. september:
«Osbanen 130 år» – føredrag i Fana Kulturhus.
Les meir her.
Informasjonsskilt ved sporet bak busstoppet på Stend
Informasjonsskilt om Osbanen er sett opp ved jernbanesporet bak busstoppet vis á vis Stend vidaregåande skule.
For nokre år sidan vart den 50 meter lange kurva frå Osbanen restaurert og nytt spor lagt. Sporet skal vera eit minne om die mange kurvene på Osbanen. Mindre enn 50% av Osbanen var rettlinje. Og banen gjekk faktisk akkurat her – Osbanen følgde terrenget i fleire kurver der Fanavegen og gang- og sykkevelvegen i dag går snorbeint fram. Les meir her.