Opningstider 2024

Stend stasjon vil vera open søndagar i juni og august, frå kl. 11 – 15.

STENGT stasjon søndag 27. oktober!
I programmet for Kulturdagane i Fana står det at Stend stasjon skal vera open søndag 27. oktober. Det var planen å halda ope, men diverre må stasjonen halda stengt. Årsaka er at det blir lagt nytt tak på stasjonen, og stillaset som bygningsarbeidarane har sett opp, gjer det umogeleg eller lite tilrådeleg å halda stasjonen open.

Søndag 30. juni markerer me at det er 130 år sidan Nesttun-Osbanen opna for trafikk. Til Stend stasjon kjem det veteranbilar som er frå Osbanen si samtid, altså bilar som er eldre enn 1935.

Søndag 25. august er det veteranbildag på Stend stasjon. Medlemer av Bergen Veteranvogn Klubb stiller med flotte veteranbilar av ulike årgangar. Veteranbuss frå Tide Veteran køyrer mellom Lagunen og Stend stasjon med avgangar frå Lagunen terminal kl. 11.00, 12.00, 13.00 og 14.00. Retur frå Stend stasjon kl. 11.45, 12.45, 13.45 og 14.45. Billettpris for buss er kr. 30,- (born og vaksne). Betaling med kontantar eller Vipps.
Stasjonen er open frå kl. 11 til 15.

Søndag 1. september er stasjonen open i samband med Kulturminnedagane 2024. Det skal gå turmarsj på Osbanen med start på Stend stasjon. Stasjonen er open frå kl. 10, og det blir korsong kl. 11.15, og deretter orientering om stasjonen, før avmarsj kl. 11.30. Turmarsjen har guiding med historiske opplysningar undervegs. Les programmet for arrangementet her.
Stasjonen blir open til kl. 15.